Cato Lyssand (33) endra meining etter å ha vore publikum under valdebatten sist torsdag.
Cato Lyssand (33) endra meining etter å ha vore publikum under valdebatten sist torsdag.

– Sjølvsagt skal ein kle seg fint på valdagen!

Cato Lyssand (33) har brukt meir tid enn mange andre på å velja ut dei riktige kandidatane.

33-åringen kjem til røystelokala i Oseana ikledd finsko, skjorte og blazer.

– Det er jo ein høgtidsdag. Eg synest godt ein kan pynta seg litt, smiler han,

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva vart avgjerande for ditt val i dag?

– Eg har prøvd å tenkja representasjon av folk frå begge kommunane, ulik alder og kjønn.

– Oi, du har rett og slett jobba knallhardt med røystesetelen din?

– Ja, det kan du seia. Eg har kryssa av for nokon og ført opp nokre slengarar som eg synest er bra folk.

Endra meining etter debatten

Cato var publikum i salen under valdebatten i Tunet sist torsdag. Det vart avgjerande for nokre av kandidatane på lista hans.

– Ja, eg endra litt meining etter den debatten. Ikkje om politikken, men om nokre av personane. Spørsmålet eg har stilt meg sjølv er kven som vil vera gode ambassadørar for saka.

– Og kva er den viktigaste saka for deg?

– Bru er viktig, men det er jo ei sak der kommunestyret har lite dei skulle ha sagt. Regulering av eigedom er den klart viktigaste i så måte. Der sit lokalpolitikarane med mykje makt. Skule er også viktig, sjløv om eg det er lenge sidan eg var elev sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hugs kyrkjevalet!

Då Os & Fusaposten vitja Oseana kring 11.30 mandag, var det ein jamn stim av osingar som kom for å røysta.

Medan kommune- og fylkesvalet heldt hus i storsalen, kan ein røysta ved kyrkjevalet i foajeen.

Oseana og dei andre vallokala i Os er opne fram til klokka 21.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no