Unngå besøk ved symptom: Kommuneoverlege Klaus Melf ber folk unngå å gå i julebesøk om ein har luftvegssymptom.

Sjukdom herjar landet: — Slik det er no, fryktar me influensaen meir enn koronaen

Tre virussjukdomar herjar landet. Kommuneoverlege Klaus Melf bed folk tenkja seg om på veg inn i julehelga.

— Det er tre virussjukdomar som herjar i kommunen og elles i landet; covid, RS-viruset og influensaen. Felles for alle tre er at dei som er i risikogruppa kan bli svært sjuke av kvar og ein av dei, seier kommuneoverlege Klaus Melf fast.

For RS-viruset gjeld det småborn med underliggjande sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ber folk testa seg

Nyleg gjekk Helsedirektoratet ut og tilrådde folk å byrja å testa seg for korona igjen.

— Eg tenkjer at hovudregelen er at om ein har symptom på sjukdom, så bør ein halda seg heime og unngå kontakt med vener, kollegaer og stå over julebesøk. Det gjeld uavhengig av årsak. Det kan likevel vera nyttig å vita om ein har korona. Det er framleis er mogleg å få gratis testar på legekontor og ulike andre stader i kommunen, seier Melf.

I det me går inn i julestria, har han to viktige råd.

— Hald deg borte frå besøk og omgang med andre om du har symptom på sjukdom. Om du må ut og handla eller gjera andre ærend, så bruk munnbind. Då minskar du i alle fall sjansen for å smitta andre til ein viss grad, slår Melf fast.

Alvorleg svekt immunsystem

Kommuneoverlegen rår også folk i risikogruppa som av ulike grunner har svekt immunsystem, til å bruka munnbind når dei er ute blant folk.

— Dette vera seg på buss eller butikken. Munnbind hjelper og gjer sjansen for at dei vert sjuke, langt mindre, gjentek Melf.

— Nett no vert det hevda frå nasjonalt hald at det stipulerte R-talet for korona er oppe på 1,08. Det tydar at koronasmitten er stigande. Får me ei ny stor bølgje no?

— Det er ikkje utenkjeleg at det vert ein del smitte gjennom jula, men generelt sett fryktar me influensaen meir enn covid-viruset. Dette fordi ein i så lang tid har vore utan kontakt med influensavirus på grunn av covid-nedstenging. Dermed er immunforsvaret vårt lite førebudd, og dette aukar sjansane for at mange blir smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Er det viktig å vita kva ein er smitta av når ein vert sjuk?

— Spesielt for dei med alvorleg underliggjande sjukdom som eventuelt kan dra nytte av medikamentell behandling, kan det vera det. Andre kan også testa seg for korona, men generelt tenkjer eg at det viktigaste er at folk unngår å smitta andre uavhengig av kva ein er smitta av. Det får vera hovudregelen i det me går inn i jula. Vis omsyn og unngå å gå i besøk om du ikkje er frisk.