Søvikåsen: Vegen er stengd, men ikkje på grunn av ras.

Skade stenger vegen inntil vidare

Ny vurdering skjer fredag.

Bjørnafjorden kommune melder kl. 14.09 at Ole Bulls veg over Søvikåsen er stengd inntil vidare.

Årsaka er ein skade på vegen som krev ei geoteknisk vurdering. Dette vil bli gjort i løpet av fredag 1. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skaden vart meldt inn til teknisk vakt i kommunen onsdag kveld, og torsdag valde kommunen å stenga vegen i påvente av ei synfaring frå geolog.