EI HJELPANDE HAND: Dagleg leiar i næringsrådet, Synnøve Mowinckel, og fungerande næringssjef, Jon Sivert Rykkel, kjem med ei gladsak fredag. No skal kommunen og næringsrådet dela ut pengar til verksemder som blør i pandemien.

Skal dela ut seks millionar kronar til næringslivet: Desse kan søkja

— Vi får ikkje dekkja økonomiske tap fullt ut. Det er umogleg, men vi håper at dette er ei god, hjelpande hand for mange, seier fungerande næringssjef, Jon Sivert Rykkel.

Eit lokalt “panel” der tilsette i kommunen og to frå næringsrådet er representerte, skal i vår vurdera søknadene frå dei lokale verksemder. Dei sit på ein god pengesekk. I overkant av seks millionar kronar skal koma bedrifter i kommunen til gode. Søknadsfrist er 5. april.

Stortinget fatta 23. februar vedtak i saka “Økonomiske tiltak i møte med pandemien”. Regjeringa har følgd dette opp, og no er det delt ut pengar som kommunane skal distribuera vidare til verksemder lokalt. Den lokale tildelinga kjem i tillegg til statens tiltak for å kompensera for ulempene bedriftene har som følgje av smitteverntiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Fryktar de at det er mange lokale verksemder som slit, som ikkje får med seg at det er høve til å søkja om tilskot?

— Ja, det gjer vi. Det er difor vi går så breitt ut. Vi kjem til å annonsera dette i alle kanalar, seier Rykkel.

Dagleg leiar i næringsrådet, Synnøve Mowinckel, seier at dei i denne omgangen med tilskot, er meir involverte enn tidlegare.

— Det er vel nett difor vi er meir involverte i denne runden, for at vi skal nå ut til så mange som mogleg. Vi har hatt ei meir rådgjevande rolle tidlegare, fortel ho.

Desse kan søkja

Det er lagt opp til at følgjande bransjar og deira underleverandørar kan søkja: Servering, arrangement, reiseliv og treningssenter.

— Det er desse som er hardast råka, og som NHO og Virke tek særleg omsyn til. Vi opnar også for at andre verksemder kan søkja, som dei som er råka av smitteverntiltak, men som fell utanfor andre statlege kompensasjonsordningar, fortel Rykkel.

I søknadene skal ein visa omsetnadssvikt i 2020 kontra 2019. Det er også opna for at verksemder etablert i 2020 kan søkja.

— Korleis kan ein vurdera desse?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ein skal kunna visa til inntektssvikt, men det er vanskeleg utan samanlikningsgrunnlag. Men alle vurderingar vil vera skjønsmessige. Verksemder etablerte i 2020 må gjerne då sannsynleggjera gjennom tal dei faktisk kan visa til, seier Rykkel.

LETTARE DENNE RUNDEN: Alt som krevst er dokumentasjon som verksemdene alt sit på. – Det er berre til å søkja i veg, er oppmodinga frå Mowcinkel og Rykkel.

Den tredje bølgja kom fort

— Eg tenkjer også at dette er verksemder som starta i pandemien, og som på ein måte veit kva dei gjekk til. Det vil også vera del av vurderinga, seier Mowinckel, som kan fortelja om tøffe tider for mange.

— Den tredje bølgja kom uventa fort. Det er mange som no er utolmodige, og det er mange som slit. Vi håper at dette kan hjelpa litt på.

Søknadsskjema blir lagt ut på Regionalforvaltning.no. Der får ein også spesifikk informasjon om alt som skal liggja ved i ein søknad om tilskot i denne runden.

— Det er litt annleis no. Det skal vera mykje lettare å søkja og forhåpentlegvis låg terskel, seier Mowinckel.

— Ja, alt som krevst av dokumentasjon, er dokumentasjon som bedriftene alt sit på.

Dei som hadde ein omsetnad på inntil tre millionar i 2019, kan få inntil 100.000 kroner. Med ein omsetnad på mellom 3 og 10 millionar, kan ein få maks 150.000 kroner. Viser tala 10—30 millionar, i omsetnad i 2019, kan ein få 200.000 i tilskot, og ved omsetnad over 30 millionar i 2019, kan ein få 300.000 kroner i denne runden.