Brua ved ruinane på Lysekloster vart teken av elva.
Brua ved ruinane på Lysekloster vart teken av elva. Foto: Christa Haake Von Erpecom

- Skal du til Lyshornet? Her ligg brua

Dei store nedbørsmengdene fekk konsekvensar for brua ved ruinane på Lysekloster.

Christa Haake Von Erpecom fortel at brua vart teken av vassmassene og førd nedover elva natt til søndag.

- Dette er brua ved sida av ruinane som ein går over for å koma seg til Lyshornet. Med lite vatn i elva, så kan ein framleis hoppa frå stein til stein, men ved høg vassføring er det verre å koma seg over. Då lyt ein gå gjennom gardstunet vårt, seier ho.

- Er det i så fall ok for dykk?

- Ja, folk må jo få gå på tur.

Von Erpecom har vore i kontakt med kommunen, som har lova å hjelpa til med å få brua på plass att.

jostein@osogfusa.no