Stoppa på Byvegen: Politiet opplyser å ha stoppa og kontrollert eit køyretøy på Byvegen onsdag morgon.

Skal ha forsøkt seg med ein bløff. Politiet beit ikkje på

Ein mann i 30-åra blei stoppa på Byvegen onsdag morgon etter å ha køyrd for fort.

Politiet opplyser i ein e-post at vedkomande skal ha køyrd i 81 km/t i 60-sona på Byvegen.

— Mannen i 30-åra hadde ikkje med seg førarkortet, og han opplyste å ha det liggjande heime, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv ho at politiet køyrde mannen heim. Der fann han ikkje sitt utanlandske førarkort.

— Han vert difor meld for å ha køyrd utan gyldig førarkort, skriv Lyssand.