Skal ha køyrd i 100 km/t på Halhjemsvegen
Politiet har vore på plass på Halhjemsvegen igjen. Der var det mange førarar som blei vinka inn til sida.
Måndag gjennomførte politiet ein fartskontroll på Halhjemsvegen. Dei stod i 80-sona. Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
— Det blei gitt 17 forenkla førelegg grunna for høg fart. Éin person vedtok ikkje førelegget. Høgaste hastigheit var 100 km/t, skriv Lyssand i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei også sjekka promille. Alle førarar blåste til 0,0, skriv Lyssand.
Litt seinare måndag, i 14-tida, kontrollerte politiet ein MC i Os sentrum.
— Motorsykkelen blei avskilta, og det blei skriven mangellapp for manglande støydempar.