Støy: Det har kome fleire meldingar til politiet om feststøy det siste døgnet.

Skal ha skote fyrverkeri mot hus og personar

Ingen sak oppretta, då det var roleg på adressa då politiet kom.

Laurdag kveld i 23-tida, fekk politiet melding om støy frå ein fest i nærleiken av Osøyro. Meldinga gjekk også på at fyrverkeri skal ha blitt skote mot andre hus og mot folk.

— Ingen personar var skadd. Då politiet kom til staden, var det roleg og festen verka avslutta. Det blei ikkje oppretta sak, opplyser vakthavande politibetjent i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit par timar tidlegare fekk politiet melding fyrverkeri-oppskyting på ein fest på Halhjem. Det viste seg at det kanskje ikkje var festdeltakarar som skaut opp fyrverkeri, men at det moglegvis var nokre ungdomar som var i nærleiken.

— Ungdomane fekk pålegg om å forlata staden. Ingen sak oppretta, opplyser politiet.

Klokka 03.00 natt til søndag kom det inn melding om støy frå ein fest på Søfteland. Då politiet kom dit, var det roleg.