Trafikkuhell: Brannvesenet returnerte raskt frå staden.

Skal ha vore tre gonger i autovernet før han køyrde av vegen på Søfteland

Politiet tok førarkortet frå bilisten.

Politiet fekk melding om ei trafikkulukke ved Søfteland skule onsdag kl. 10.25.

Det var fleire vitne til uhellet, og meldaren fortalde at bilen hadde vingla og var tre gongar i autovernet før han køyrde av av vegen og eine dekket datt av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen andre køyretøy var involvert.

Føraren var ein mann i slutten av 30-åra. Han var uskadd og blåste til 0,0 i promille.

Det vart oppretta sak og føraren vart køyrd til legevakta for blodprøve. Førarkortet vart beslaglagt utan samtykke.

Uhellet førte til enkelte skader på vegen og Vegtrafikksentralen kontakta difor ein entrepenør som handterte dette vidare.

Køyretøyet vart taua bort.