Området som skal sikrast i samband med sprenging.
Området som skal sikrast i samband med sprenging.

Skal sikra område ved Liafjell-tunellen

Fjellsikring Inter Handling AS starta denne veka sikringa av eit område vest for den sørlege opninga av Liafjell-tunellen

Bygginga av det nye kommunale kloakkreinseanlegget OHARA er på trappene. Men før sprengingsarbeidet i Liafjellet tek til i oktober, lyt eit område i lia vest for den sørlege opninga av Liafjell-tunellen, sikrast. Dette for å unngå steinras som følgje av den seinare sprenginga.

Arbeidet vil pågå i om lag ein månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varsling

Denne veka vil Fjellsikring Inter Handling AS for det meste halda på med rigging og skogrydding, før sjølve fjellsikringa startar neste veke. Sikringa blir i hovudsak utført ved hjelp av bolting og nett.

Det blir sett ut arbeidsvarslingsskilt ved aktuelle stiar og traktorvegar i området. Dersom det blir vurdert som naudsynt å stengja området for gåande, vil mannskap frå entreprenøren vere til stades ved det aktuelle stengingsområdet.