Skal søkja midlar: – Alle skal ha godt breiband. Det handlar om tryggleik og utvikling

Restutbygging: Det er sett av inntil 35 millionar kroner til dette i 2020. Bjørnafjorden kommune vil søkja om tilskot til såkalla restutbygging av breibandsdekninga.

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til utbygging av breiband i fylket. Bjørnafjorden kommune treng innspel til område der breibandsdekninga er for dårleg.

Det er sett av inntil 35 millionar kroner til dette i 2020. Bjørnafjorden kommune vil søkja om tilskot til såkalla restutbygging av breibandsdekninga.

– No treng vi di hjelp for å kartleggja kvar vi har dei kvite flekkane i kommunen vår, seier ordførar Trine Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

− God dekning handlar om tryggleik

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt noko støtte til utbygging av breiband i områda Gåssand, Tøsdal og Brimsholmen. Sørstrøno det siste området som har blitt utbygd med breiband, ved hjelp av tilskot frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).

Det er Vestland fylkeskommune som har ansvaret for å lysa ut anbodet om utbygging av områda på kommunen sine vegner. Fylkeskommunen opplyser at anbodet skal vera utlyst før ferien.

− Ønsket til Bjørnafjorden kommune er at alle som bur her skal ha god breibanddekning. Det handlar om tryggleik og utvikling, og at du veit du kan utføra nødvendige oppgåver. Uansett kvar i Bjørnafjorden du bur, skal du ha så god internettdekning at du kan gjera jobb og skulearbeid heimefrå om du treng det, seier Lindborg og held fram:

- Vi har høveleg oversikt over områda der ein ikkje kan få tilbod om breiband per i dag, men for å få ei oppdatert og korrekt oversikt, oppmodar vi på nytt deg som bur i dei aktuelle områda om å senda innspel. Gå gjerne saman med naboar i grenda eller i vegen som er i same situasjon, og send oss ei felles tilbakemelding, oppmodar Lindborg.

Skal òg kartleggja mobildekninga

Mobildekning heng tett saman med breiband, men krev endå meir omfattande kartlegging, Kommunen skal intensivera dette kartleggingsarbeidet til hausten.

– Fordi Telenor gradvis byggjer ned koparnettet sitt, må restutbygging av breiband sjåast i samanheng med restutbygging av mobildekninga i kommunen. For å få til raske forbetringar, er kommunen i dialog med leverandør om enkle justeringar, opplyser Lindborg.

Målet på sikt er å redusera dei kvite flekkane på mobildekningskartet.

Les også
Telenor seier dei ikkje vil avvikla fasttelefonen før mobilnettet er utbetra
Les også
Jan Gaassand kritisk til Telenor: – Har dei gode forhold innanfor Ring 3 i Oslo er dei nøgde