Det snødde kraftig i Hegglandsdalen måndag morgon.
Det snødde kraftig i Hegglandsdalen måndag morgon.

Skiftande vêr kan føra til glatte vegar

– Det er vinter. Vêret kan føra til vanskelege køyreforhold, så køyr forsiktig, oppmodar vakthavande meteorolog, Lars Andreas Selberg.

Måndag morgon snødde det i Hegglandsdalen, medan det regna i Os sentrum.

– Det er eit låtrykk som ligg over Skottland nett no. Senteret av det lågtrykket vil passera Rogaland seint i kveld. Det kan koma nedbør som snø tidleg på dagen i dag etter kvart blir det regn i lågare strøk langs kysten. Nedbøren vil halda fram jamt og trutt i dag, og gå over til bygevêr i kveld, fortel Selberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mildvêr

Etter at lågtrykk-senteret har passert, vil det dra med seg kald luft frå nord.

– Det gjer at ein kan få skiftande vêr. Frå regn til snø til sludd, om ein annan. Det kan føra til vanskelege køyreforhold så ta atterhald og køyr forsiktig.

Sola kjem vi mest sannsynleg til å få sjå tysdag ettermiddag.

– Det er ganske sannsynleg. Vêret resten av veka er grått. Det er litt mildare denne veka, og nedbøren vil stort sett koma i form av regn.