Skiftar glaset i pyramiden
Utbetringane på Amfi Os held fram.
- Før kundane tek til å lura på kva som foregår i fellesareala våre, kan vi orientera om at vi no er i gang med å skifta glas i pyramiden vår, skriv senterleiar Silje Lygre i ein epost til avisa.
Stillaset er under montering i desse dagar, så følgjer montering av mellombels tak som skal beskytta mot ver og vind medan arbeidet pågår.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Området under glastaket vil bli sikra og halde ope for publikum under heile arbeidsperioden, og vi ser fram til å få på plass nytt og utbetra glastak før jul, seier Lygre.
jostein@osogfusa.no