Os kommune)
Os kommune)

Skilting, bommar og ny sti i Hesteløypa

Hestane vart skremde og sprang løpsk etter møte med turgåarar i løypa. Dei komande vekene vert fleire tiltak iverksette før ein avlastande gangveg blir etablert.

Denne veka skjedde det Os Travklubb åtvara mot i «Os og Fusa- posten» for to veker sidan. To medlemmer i Os travklubb trente i hesteløypa og møtte to eldre turgåarar med paraply til fots. Det venta ikkje hestane, som vart redde og kasta båe kuskane ut av vogna.

- Du sit der att i grusen medan hestane spring kvar sin veg - noko slikt er ikkje kjekt å oppleva, seier Jermund Borgen i Os Travklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Travklubb hevdar at trafikken i deira treningsløype har tredobla seg etter at Knutabrua opna, og har difor etterlyst betre sikring.

Saka vart også omtala i plan- og bygningsutvalet denne veka, der Gustav Bahus (Frp) etterlyste ei statusoppdatering på sikringsarbeidet.

- Det er trasig om eit så flott tiltak som Knutabrua skal få eit negativt omdøme av noko slikt, sa Bahus.

Hastetiltak

Det var vist til at det har vore møte mellom Os travklubb og Os kommune ved ordføraren, der partane er vortne samde om kva tiltak som no må iverksetjast. Terje Søviknes seier at partane er samde om fleire tiltak som skal iverksetjast så snart som råd er.

- Det blir no sett opp bommar, både for å sikra at folk ikkje kjem i stor fart inn i løypa, og for at hestar ikkje spring inn på brua, seier ordføraren.

Betre skilting vert også sett opp i løpet av kort tid.

- Dette blir sett opp så fort me kan rekvirera utstyret, seier Søviknes.

Ny gangveg i vinter

Stien/avlastingsvegen som Os travklubb har etterlyst, blir det føreslått å setja av midlar til i budsjettet. Det tyder at så snart budsjettet for neste år er vedteke, og me skriv januar, kan arbeidet i teorien igangsetjast.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vonar at arbeidet med den 600 meter lange vegen kan gjerast i løpet av vintermånadene. Det er ein del skog som må hoggast ned for å få rom til ein tre meter brei gangveg. Me vil også nytta stein frå Ohara-prosjektet, seier Søviknes.

Seint, men godt

Jermund Borgen er nøgd med lovnadene som no kjem frå kommunalt hald.

- Helst skulle me jo ha sett at desse sikringstiltaka var på plass samtidig med at Knutabrua vart opna. Men det er bra at ting er på gang no. Eg er spent på kor stor effekt tiltaka vil få, seier Borgen.

Han kan opplysa at damene som hadde ei lei oppleving i treningsløypa onsdag, var på plass att med hestane i løypa neste dag.

- Det er viktig å koma seg tilbake i salen så fort som råd er, både for kusk og hest, seier Borgen.

- Det er kome forslag om lyssignal når det er hestar i løypa også - kva tenkjer du om det?

- Eg såg det var føreslått. Det er noko me får vurdera dersom det blir trasig framover, seier Borgen.

Beklager, og ser framover

- Ordførar Søviknes, kjem dette for seint?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg forstår at travklubben meiner det. Me har heile tida tenkt å få på plass sikringstiltak, og har det nedfelt i avtalen som er framforhandla med grunneigar Opplysningsvesenets fond for ei god stund sidan. Men me greidde altså ikkje å få på plass tryggleikstiltaka samtidig med opning av brua - og det er å beklaga, seier Søviknes.

- Når me får på plass den nye stien/avlastingsvegen, er det lettare for alle partar å vera tydelege på at denne er for fotgjengarar, medan løypa primært er til bruk for Os travklubb. Fram til den er på plass må me berre oppfordra alle om å visa varsemd i marka - og det gjeld både for dei som trenar med hest og for fotgjengarar, avsluttar ordføraren.