I Belte i buss-kampanjen er elefanten gjennomgangsfiguren. Den viser bevegelsesenergien ein usikra passasjer kan få i form av "vekta til en elefant".
I Belte i buss-kampanjen er elefanten gjennomgangsfiguren. Den viser bevegelsesenergien ein usikra passasjer kan få i form av "vekta til en elefant".

Skjerpar kontrollen av beltebruk i buss

Bruker du belte når du tar bussen? Til hausten kan det kosta deg å la vera.

Denne veka har Statens vegvesen beltekontroll i bussar i alle tre fylka på Vestlandet. Det blir ikkje gebyr for manglende beltebruk denne gongen, men til hausten kan det kosta deg 1500 kroner å gløyma beltet.

I 2015 kontrollerte Statens vegvesen beltebruken blant 40.500 busspassasjerar. 10.000 sat usikra. Det tilsvarer heile 15 millionar kroner i gebyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt menneske mista livet i ei bussulukke i 2015, mot 7 drepte og 7 hardt skadde i 2014. Fleire av dei omkomne kunne ha redda livet om beltet var på, i følgje Statens vegvesen.

- Neste gong blir det gebyr fordi vi meiner beltebruk er så viktig at vi må ta i bruk strenge verkemiddel. Det er ikkje første gongen vi er ute og informerer om dette, så vi håpar at alle belte er på neste gong vi kjem, seier Anne Margrethe Bøe i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ho påpeikar at beltebruk i buss ikkje er ei privatsak.

- Skadepotensialet i buss er stort om ulukka skulle råka. I ei ulukke kan passasjerar utan belte bli kasta rundt i bussen og fort treffa ein annen passasjer. Jo høgare fart, jo større kraft vil ein usikra passasjar få, seier Bøe.

Undersøkingar vegvesenet har gjort viser at 3 av 10 busspassasjerar ikkje er klar over at det er påbode å festa beltet i bussar med belte. I løpet av veka håpar Statens vegvesen å auka bevisstheita.

- Ikkje alle bussar har belte, men der dette er montert, må passasjerane festa beltet. Då er vi komne eit veldig godt stykke på veg, seier Bøe.