Alarmen gjekk: Naudetatane rykte ut til staden, men fekk ikkje så mykje å gjera på. (Arkivfoto)

Sklei i stolpe: Bilen varsla via e-call

Naudetatane rykte ut til ulukke på Strønevegen.

Klokka 17 fekk brannvesenet melding via e-call frå ein bil (automatisk ulukkesvarsling). Det opplyser Vest politidistrikt på X.

Naudsignalet viste seg å gjelda ein bil som hadde sklidd inn i ein stolpe i Strønevegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er såpeglatt på staden, opplyser operasjonsleiar i politiet, Eivind Hellesund.

Naudetatane kunne raskt konstatera at føraren, ein ung mann, var uskadd.

— Det er udramatisk. Vi har ikkje mistanke om rus, det er ingen personskader og det var låg fart.

— Her om dagen førte ein kollisjon mot ein stolpe til at bebuarane i området mista straumen?

— Her er det ingenting slikt. Stolpen står, seier Hellesund.