Skogbrann: Det er hittil i 2024 registrert 66 brannar i utmark og innmark. På same tidspunkt i 2023 var det registrert 33. (Illustrasjonsfoto)

Skogbrannhelikopter i beredskap på Vestlandet

Meteorologisk institutt har sendt ut gult grasbrannfarevarsel for Trøndelag, Møre og Romsdal og deler av Vestland.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) set difor inn eit skogbrannhelikopter i beredskap i Sauda i helga.

Skogbrannhelikopteret blir stasjonert i Sauda i Rogaland fylke, og skal vera i beredskap laurdag 9. mars og søndag 10. mars. Beredskapsperioden for skogbrannhelikopter er normalt frå 15. april til 15. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vêrutsiktene er lysande, men med det følgjer også ei klassisk åtvaring

Det er hittil i 2024 registrert 66 brannar i utmark og innmark. På same tidspunkt i 2023 var det registrert 33, ifølgje DBS.

– Vi oppfordrar folk til å visa aktsemd i tørre område. Vi veit at dei aller fleste brannar i skog og utmark skuldast menneskeleg aktivitet, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Det er brannsjefane som i samarbeid med 110-sentralen vurderer behovet for skogbrannhelikopter.