Til 1. august: Vedtaket om gult nivå gjeld fram til 1. august.

Skulane held fram på gult nivå. Slik forklarer ordføraren avgjerda

Regjeringa har opna for at skular og barnehagar kan gå over til grønt nivå. I dag avgjorde kriseleiinga i Bjørnafjorden at skulane her i kommunen skal bli verande på gult.

Vedtaket om gult nivå gjeld fram til 1. august. Med mindre smittesituasjonen tilseier noko anna, vil barnehagane og skulane i Bjørnafjorden gå over til grønt nivå frå 1. august 2021, opplyser kommunen.

– Vi har forholdsvis låge smittetal i Bjørnafjorden kommune. Samstundes har vi nyleg hatt utbrot med ukjend smitteveg, som gjer at Bjørnafjorden framleis ligg på risikonivå 2 i kommuneoverlegen si smitterisikovurdering. Dersom vi hadde gått for grønt nivå i barnehagane og skulane no, ville vegen tilbake til gult - og raudt - nivå vore ekstra krevjande, seier ordførar Trine Lindborg til kommunen sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho påpeikar at det er kort tid att av dette barnehage- og skuleåret, og seier at dei «ønskjer å skapa ein mest mogleg trygg og føreseieleg kvardag for tilsette, elevar og barnehagebarn».

– Barnehagane og skulane har drive heile siste året på gult nivå, og er ordentleg gode på rutinane. Dersom vi skulle få nye utbrot, vil rutinane på gult nivå gjera det enklare å smittespora og færre vil måtta gå i karantene, seier Lindborg.