- Skulevalet er viktig for demokratiet

Os vidaregåande sitt skuleval blei halde tysdag 1. september. Tysdag 8. september er det duka for skuleval på Os Gymnas.

Os gymnas

post@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Skrive av 3. klassingane i Politikk og menneskerettar ved Os gymnas.

Skuleval er noko som har vore organisert her i landet sidan 1989, og det er eit prøveval for elevane før stortings- og lokalval. I denne anledninga har me fått intervjua to kjekke lokalpolitikarar, Jon Sivert Rykkel og Laila Reiertsen.

Kjekt tiltak

Jon Sivert Rykkel er ordførarkandidat for Os Venstre. Det gjer han til ein eigna kandidat til å uttala seg om politikarane sitt syn på skulevalet.

- Kva tenkjer du om at vi held skuleval?

- Det synest eg er grådig kjekt. Det er ein fin måte å involvera dei unge på, dei får ein inngangsbillett til den demokratiske prosessen.

Rykkel synest det er ei fin moglegheit for dei unge til å tileigna seg interesse for politikken, læra om dei ulike partia og dra slutningar om kva saker dei synest er viktige. Han ser på skulevalet som ein prøveprosess, omtrent som ein prøveeksamen.

- Eg hugsar så godt tilbake då eg sjølv fekk delta på skuleval for fyrste gong. Det var jo stas!

På spørsmål om korleis han stiller seg til resultatet av skulevalet, var svaret:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Godt spørsmål. Vi håper jo alltid å gjera det bra, men resultatet av skulevalet er jo berre til ein viss grad relevant for det eigentlege valet.

Skulevalet kan vere ein peikepinn på kor godt partia når ut til dei unge. På ei anna side er ikkje dette valet avgjerande, det er meir ein peikepinn på kor korleis partia greidde seg i skuledebatten.

- Venstre skåra lågare på det yrkesfaglege skulevalet enn det allmennfaglege skulevalet i 2011. Er dette noko de har jobba med og ynskjer å forbetra?

- Dette er eit problem som Venstre generelt har slitt med, vi gjer det betre etter utdanningsgrad.

Rykkel kjem her inn på utfordringa med parti som endrar bodskapen i politikken sin for å "rana" til seg stemmer frå unge. Dette meiner han at Venstre held seg vekke frå. Han nemner spesielt korleis debattemna forandra seg frå Os Gymnas sin debatt, til Os vidaregåande sin. I Os gymnas sin debatt blei det mykje snakk om skule, medan politikarane ifølge Rykkel endra tema til blant anna mopedar, bensin og alkohol i debatten etterpå.

- Det er "billeg" å snakka om alkohol- og bensinprisar når dette er ting som lokalpolitikarane ikkje har noko særleg med. Dette er saker som er mykje meir aktuelle før stortingsval.

Rykkel vil heller snakka om saker som er aktuelle innanfor kommunen.

- Ei sjølvfølgje for engasjerte politikarar

I anledning skulevalet, fekk me også eit intervju med politikar Laila Reiertsen. Reiertsen representerer Frp lokalt i Os, og har erfaring frå Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva tenkjer du om at vi held skuleval?

Til dette temaet stiller ho Reiertsen seg svært einig med Rykkel.

- Skuleval er viktig for demokratiet. Det er på skulane ungdommn er, og dei fleste av desse er jo fyrstegongsveljarar.

- Korleis stiller du deg til resultata, meiner du resultata frå skulevalet er relevante til det verkelege valet?

Også her har ho fleire delte meiningar med Rykkel.

- Resultata er ikkje alltid heilt korrekte, men dei kan gje en peikepinn på kva ungdomen stemmer, noko som gjer at også vi litt eldre må vera lydhøyre overfor kva ungdomen meiner. Og i farvatnet vidare kan resultata føra til justeringar for nokre parti og stadfesting for andre.

Då me spør om ho trur andre politikarar følgjer med på resultata av skulevalet, svarer Reiertsen:

- Eg trur nok at andre politikarar følgjer med på resultata frå skuleval, det er ei sjølvfølgje for ein engasjert politikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarane synest altså at skuleval er ein fin måte å få dei unge engasjerte i politikk. Ungdomen, og då spesielt fyrstegongsveljarane, blir introduserte for den demokratiske prosessen.

Reiertsen og Rykkel meiner begge to at politikarane burde følgje med på resultata av skulevalet, sjølv om dei ikkje er relevante for det eigentlege valet.

Det blir spennande å sjå resultata etter skulevalet på Os gymnas den 8. september, og me ynskjer alle eit godt skuleval, og lokalval den 14. september!

Merknad: Vi snakka med Rykkel og Reiertsen før resultata frå skulevalet ved Os vidaregåande skule var klare.