Blytung: Løva er laga av finaste Carrera-marmor og kommunen vil svært gjerne ha ho attende.

Ein av marmorløvene er søkk vekke. No ber kommunen publikum om hjelp.

Leiar for eigedom og drift i kommunen, Dag Søfteland, ber den eller dei som har teke løva om å levera henne attende.

— Det er berre ei veke sidan sist eg var her oppe, og då var begge løvene på plass. No er den eine søkk vekke, seier Dag Søfteland.

Den blytunge marmorløva er laga av finaste marmor frå Carrera i Italia, og skulle etter planen setjast attende og festast til sin gamle plass utanfor inngangspartiet til det gamle barneheimsbygget i Mobergslia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit arbeid som kunstnaren Arne Mæland hadde teke på seg å gjera.

— Løva er så tung at dei som har teke han må ha frakta den bort i bil. No appellerer vi til dei som har gjort det om å levera han attende, seier Søfteland.

Lova å handla raskt

I meir enn 100 år har marmorløvene pryda framsida til det som i si tid var statsminister Christian Michelsens residens.

I mange år var huset barneheim, men dei siste åra har både bygget og dei to marmorløvene forfalle.

Før jul sende Os Sogelag ved Øyvind Tøsdal, brev til kommunen og bad dei om å gjera noko for å ta vare på dei to marmorløvene. Då låg den eine løva laust på graset framfor huset.

NyttiOs tok då kontakt med kultursjef Erik Vangsnes, som lova å ta fatt i saka «så snart som mogleg».

I slutten av februar var det enno ikkje gjort noko med løvene, og NyttiOs tok kontakt med Vangsnes på ny.

« Jeg er enig i at løvene fortjener å bli tatt vare på, men enn så lenge så mener jeg at de ligger trygt på Mobergslien», svara Vangsnes då.

Artikkelen held fram under annonsen.