Oppfølgjar: – Dette er tenkt som ein oppfølgjar til Os-spelet frå 1980-talet, fortel Eirik Lekven og Vidar Bratlund-Mæland.

Slaget om Bjørnafjorden: Lanserer nytt, lokalt brettspel

Premiebua med Eirik Lekven og Vidar Bratlund-Mæland lanserer nytt brettspel for Bjørnafjorden.

– Dette er tenkt som ein oppfølgjar til Os-spelet frå 1980-talet. Dette er ikkje per i dag eit ferdig spel, men me håper å ha det ferdig hausten 2020, fortel Lekven og Bratlund-Mæland.

Spelet er eit spel i monopolsjangeren, men «med fleire vriar som gjev det problemstillingar som er meir tett på utfordringane rundt næringsdrift i Bjørnafjorden i dag».

Artikkelen held fram under annonsen.

Monopolsjanger: Spelet er eit spel i monopolsjangeren, men med fleire lokale vriar.

– No som me er ein ny kommune, tenkjer me at det er stadig viktigare med identitetsbyggande aktivitetar. Her ser me at dette spelet kan bidra positivt, seier dei to.

Dei gler seg til å ta tak i dette vidare og innbyr folk til innspel og oppmodar også bedrifter til å vera med for å få spelet «på beina».

– Me ser at koronautfordringane gjer at dette per no er utfordrande, men me håper at dette går over snart, og at folk er klare for noko nytt og spanande om ikkje lenge.