Slapp unna med åtvaring

I går kveld etter mørkets frambrot, var politiet ute for å kontrollera lys på køyretøy. Fleire kunne fått bot.

- Me hadde ein liten trafikkontroll på Søfteland i går kveld, der me hadde fokus på lys på køyretøy no som det mørknar ute. Om ikkje lysa er i orden, kvalifiserar det eigentleg til eit forelegg, men i går gav me berre munnlege pålegg, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ønskjer ikkje å skriva bøter

I teorien kan eit av lysa på bilen ryka rett før ein vert vinka inn til sida i ei trafikkontroll, så kvart einskilde tilfelle vert ei vurderingssak for politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me kan skriva ut forelegg om me stoppar ein bil som manglar lys, men me må vurdera kva som er rett der og då, seier han Hadler-Olsen og held fram:

- Ta ein runde på bilen og sjekk at alt er som det skal. Me har ikkje eit ønske om å skriva ut bøter på fleire tusen kroner. Me håpar jo at folk har orden på sakane sine, seier Hadler-Olsen.

Ransaking

I går føremiddag var politiet på ransaking i bustaden til ein mann i 20-åra.

- Me fann nokre gram kokain. Han har erkjent forholdet. Det er fleire liknande sakar på han. Det vert ein større rettsforhanling, med samla pådømming, seier Hadler-Olsen.