Utspekulert: Anders Opsal har forståing for at folk blir stressa og redde, om dei blir utsette for dette svindelforsøket.

Slår alarm om utspekulert svindelmetode: Fusing blei loppa for 100.000 kroner

Det er også andre innbyggjarar som har opplevd å bli forsøkt svindla med same metode.

— Det er aktivitet på telefonsvindel i desse dagar, seier tenestestadsleiar ved Fusa politistasjon, Anders Opsal.

Politiet har fått fleire meldingar frå innbyggjarar i Fusa, men også andre stader i distriktet, om ein metode som framstår til dels svært truverdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opsal fortel at meldingane fortel om ein norsk mann som tek kontakt på telefonen. Oppringinga kjem frå eit norsk telefonnummer, og det vert opplyst at vedkomande er frå Kripos.

— Dei som vert oppringte blir fortalt at pengane er på veg ut frå kontoen - at det er eit svindelforsøk på gang. Han som hevdar å vera frå Kripos, set samtalen vidare til det han hevdar er banken til dei som vert ringt opp, seier Opsal.

Blir sett vidare til “banken”

I dette 'leddet' blir ein beden om å vippsa alle pengane på kontoen til ein annan konto, for å forhindra at ein vert svindla. Svindlarane påpeikar at det ikkje er eit val å låsa kontoen, fordi svindlarane då vil forstå at politiet er på sporet av dei.

— Folk blir stressa når dei får ei oppringing som dette, med beskjed frå “Kripos” om eit pågåande svindelforsøk og at pengane er på veg ut frå bankkontoen. Då gjer ein kanskje dumme val, seier Opsal.

Råd frå politiet

Ein person skal ha gått så langt at vedkomande overførte heile kontobeløpet sitt til svindlarane.

— Heldigvis lukkast ein med å få pengane ført tilbake. Det var snakk om 100.000 kroner. Det er to personar til her på Fusa-sida som har meld frå til oss om at dei er utsette for eit svindelforsøk med same framgangsmåte.

Om ein går på limpinnen, er rådet frå politiet klart.

— Ta kontakt med banken og politiet så snart som råd.