Borgafjell: Her frå bygginga av nyeskulen på Hjelle.

Slik er kommunens nye korona-forskrift for byggjeplassar

Brot på forskriftene kan straffast med bøter eller fengsel i inntil seks månader.

Dei nye forskriftene gjeld frå og med i morgon fredag og fram til og med 28. februar. Målet er å hindra smittespreiing mellom kommunar med påvist mutert virus og kommunar som ikkje har det.

Forskriftene gjeld byggjeplassar som har meir enn fem arbeidarar (inkl. lærlingar) til stades samtidig, uavhengig av kva for bedrift eller verksemd dei representerer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittevern

Forskriftene slår fast at det skal vera lett tilgjengeleg munnbind og handsprit på byggjeplassen. I tillegg kjem krav om minst to meters avstand til andre på byggjeplassen.

Det skal førast liste over alle som har vore på byggeplassen, med oversikt over tidspunkt og dato.

Arbeidsgivar er ansvarleg for at arbeidarar som får luftvegssymptom straks forlet arbeidsplassen.

Vakthald

Det skal vere vakthald på byggeplassen som går kontrollrundar kvar andre time og som ser til at avstandskrav og andre smittevernreglar til ei kvar tid blir følgde, inkludert bestemming om reingjering som beskrive i Bransjenormen. Dette skal dokumenterast. Brot skal straks bli påtalte.

Talet på personar som er til stades på byggeplassen skal avgrensast til det talet på personar som er heilt nødvendig for drifta.

Om ein person har jobba på byggeplass i ein kommune med påvist sørafrikansk mutert virus på byggeplass og skal jobbe på byggeplass i Bjørnafjorden kommune, blir det stilt krav om negativ covid-19-PCR-test som ikkje er eldre enn 24 timar før oppstart av arbeid i Bjørnafjorden kommune. Vidare blir det stilt krav om negativ PCR-test kvar tredje dag inntil 14 dagar etter arbeid på byggeplass i kommune med påvist sørafrikansk mutert virus på byggeplass.

Alle som er på byggeplassen skal følgje Bransjestandard om smittevern for BNL sine medlemsbedrifter.

Testing

Arbeidarar som viser teikn til luftvegsymptom, eller som er inkludert i den gruppa som kommunen si smittevernmyndigheit har bede om å teste seg, men som ikkje ønskjer å teste seg, skal bortvisast frå arbeidsplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein person som bur eller oppheld seg i Bjørnafjorden kommune og jobbar, eller i løpet av dei siste 14 dagane har jobba, på byggeplass i kommune med påvist sørafrikansk mutert virus, blir sterkt oppfordra til å la seg covid-19-teste med PCR-test. Det er anbefalt vidare testing kvar veke for den som framleis jobbar på slik byggeplass.

Straff

Forsettleg eller grovt uaktsamt brot på bestemmingar i denne forskrifta, kan straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader.

Les heile forskrifta her.