Så raskt som mogleg: – Eg forstår godt at folk synest det går sakte, men eg kan forsikra alle om at vi vaksinerer så mange og så raskt vi kan ut ifrå kor mange vaksinedosar vi kvar veke får tildelt frå Folkehelseinstituttet.

Slik er vaksineplanen framover: 276 personar skal få andre dose neste veke

Det opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Ifølgje kommunen sine heimesider, får 54 personar i prioriteringsgruppe 3 (75-84 år) tilbod om koronavaksine onsdag 3. mars. Alle som no får tilbodet er +79 år.

276 personar får andre og siste dose av BioNTech/Pfizer-vaksinen neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som fekk første dose i veke 6, har fått informasjon om når dei skal møta for å få andre og siste dose, opplyser Melf til nettstaden.

I tillegg får kritisk helsepersonell 100 dosar AstraZeneca-vaksine.

– Eg forstår godt at folk synest det går sakte, men eg kan forsikra alle om at vi vaksinerer så mange og så raskt vi kan ut ifrå kor mange vaksinedosar vi kvar veke får tildelt frå Folkehelseinstituttet. Informasjonen endrar seg ofte på kort varsel, og vi må berre følgja med og tilpassa oss leveransane, seier Melf vidare.

To ulike vaksinar

Frå og med denne veka har kommunen to godkjente koronavaksinar i bruk: Comirnaty frå BioNTech/Pfizer og vaksinen frå AstraZeneca.

Melf opplyser at Comirnaty frå BioNTech/Pfizer frå no er sett av til dei med høg risiko for alvorleg koronasjukdom (prioriteringsgrupper 1-4). Dette inkluderer alle over 65 år og personar i aldersgruppa 16-64 år med nokre utvalde høg-risikodiagnosar (organtransplantasjon, kreft, immunsvikt, nedsett hostekraft eller lungefunksjon og kronisk nyresjukdom).

– Vaksinen frå Astra Zeneca er ikkje anbefalt for desse gruppene, fordi han har noko lågare beskyttelseseffekt, fortel Melf.

AstraZeneca-vaksinen blir difor gitt til helsepersonell, og ikkje til personar i prioriteringsgruppe 3 (55-64 år).

– Kritisk helsepersonell skal vera ferdig vaksinerte innan utgangen av mars. Etter dette vil prioriteringsgruppe 5 (55-64 år med moderat risiko/enkelte kroniske tilstandar) få tilbod om AstraZeneca-vaksinen, ifølgje kommuneoverlegen.