Ordførarane i Fusa og Os oppmodar folk i alle aldrar til å vera med på stordugnaden laurdag og søndag.
Ordførarane i Fusa og Os oppmodar folk i alle aldrar til å vera med på stordugnaden laurdag og søndag.

Slik kan du bidra til ryddeaksjonen

I helga vert det storstilt ryddeaksjon for å få vekk plast og anna avfall frå strendene i Os og Fusa.

Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, oppmodar folk i alle aldrar til å vera med på stordugnaden laurdag og søndag.

I Fusa blir det fire sentrale oppmøtepunkt i aksjonen: Vinnes - på parkeringsplass for båthamna, Holmefjord - på rasteplass for fv 48 ved Kråkeskarstunellen, Baldersheim - ved nærbutikken på Revna og Eikelandsosen - på parkeringsplass ved Leiro.

Artikkelen held fram under annonsen.

BIR stiller med materiell

BIR stiller med hanskar og spesielle sekkar til oppsamlinga av avfall. På dei fire oppmøtepunkta vil det også vera ein stor avfallscontainer for å samla alt bosset.

Det vert oppmøte med utdeling av utstyr og fordeling av ryddeområde laurdag føremiddag.

- Vis aktsemd

Ordførar understrekar at det er trong for mykje folk.

- Fusa har ei lang og flott strandline og det er mykje å fara over. Målet er i første omgang å få rydda dei mest utsette områda i nærleiken av der folk bur. I løpet av våren skal heile strandsona i Fusa vera fri for plast og svineri, fastslår Kvåle og held fram:

- Vi håper sjølvsagt at alle lokale grunneigarar stiller seg positive til aksjonen, men vi ber samstundes deltakarane om å visa aktsemd ved ferdsel på innmark.

Kvåle oppmodar om at ein spør om lov til å gå og rydda dersom ein er i tvil.

Treng mange hender

Om det ikkje er så mykje å rydda nett der du bur kan du kanskje vera med på dugnaden i nabobygda, føreslår ordføraren.

- Vi veit at det er fleire område med mykje plast m.a. ved Vinnesleiro som ligg sentralt i Bjørnafjorden. Vi treng mange hender og stor innsats. Her kan alle vera med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han minner om å kle seg i gode arbeidsklede, helst regntøy med dei meldingane som er no. Det er også viktig å ha med seg godt med mat og drikke.

- Strandrydding er hardt arbeid, men vi trur at dette er noko alle finn gjevande å vera på. Du vel sjølv kor lenge du vil vera med og om du ryddar laurdag og eller søndag. Fusa kommune vonar på stort oppmøte, kommenterer Kvåle.

Conteinarar på Os

Frå fredag til søndag står det bosscontainerar på følgande stader i Os: Osøyro ved Esso, Halhjem kai, Buena kai i Lysefjorden, parkeringsplassen i Ervikane og snuplassen på Bruarøy.

- Vi legg fram eit avgrensa tal bossekkar og hanskar ved konteinerane, og oppmodar dei som har høvet, til å svinge innom BIR i Kolskogen og ta med seg sekkar derfrå, opplyser Os kommune på sine heimesider.

- La oss gjera ein innsats saman! Conteinarane står ute heile helga slik at folk kan rydda når det passar, i eige tempo. Kanskje skulle du ut i naturen likevel, kommenterer ordførar i Os, Marie Bruarøy.

Etter helga vil det også vera mogleg å levera boss frå friluftsområde til BIR i Kolskogen gratis.

- Kjem du over ekstreme mengder boss på ein stad som er vanskeleg å frakta frå, slik som ei avsides bukt eller ei øy, kan du samla bosset og kontakta Bergen og omland friluftsråd, legg Bruarøy til.