Ny nabo: SNIL-hallen vert etter planen nabo med Halhjem barnetun og det eksisterande idrettsanlegget på Halhjem.

Slik ser idrettslaget føre seg den nye hallen på Halhjem

Detaljreguleringa av SNIL-hallen vart lagt ut til offentleg ettersyn i starten av juli. Fristen for å koma med merknader er 12. september.

Om lag eitt år etter at Søre Neset idrettslag fekk løyve til å gå i gang med planarbeidet, vart detaljreguleringa for SNIL-hallen lagt ut til offentleg ettersyn.

Hallen er lokalisert på nedsida av Halhjem barnetun, og føremålet med planframlegget er å leggja til rette for etablering av ny idrettshall, samt auka tilgjengelegheita for ålmenta i omkringliggjande område.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit idrettsanlegg i skissert område på Søre Neset er, etter vårt skjønn, ideelt med tanke på vidare utvikling av Søre Neset som nærsenter. I tillegg kan hallen knytast til eksisterande idrettsanlegg i området, og vert dermed ein vidareutvikling og oppjustering av dette. Hallen vert tilpassa landskapet og utforma med høg arkitektonisk kvalitet. I samband med utbygginga ser ein òg føre seg å utbetra parkeringstilhøva i tilknyting til idrettsanlegget, samt sikra tilkomst til friluftsområde ved Bjørnavatnet, og dermed skapa auke i aktivitet i friluftsområdet, skriv forslagsstillar i planomtalen.

84 dekar: Planområdet er på omlag 84 dekar, og omfattar mellom anna idrettsanlegg, barneskule, og delar av friområdet i bakkant av skulen.

Observert elvemusling og Heipiplerke i området

I samband med oppstart for eitt år sidan, kom det inn fem offentlege merknader og fire private merknader. Temaa som gjekk igjen er ifølgje kunngjeringa på Bjørnafjorden kommune si nettside naturmangfald, flaum, grunnforhold, overvatn, trafikktilhøve og landskapstilpassing.

– Det er observert levedyktige elvemusling i elva i planområdet. Det er òg registrert Heipiplerke innad i, og i nærleiken av planområdet. Begge desse artane er ansvarsartar, og må vernast om, heiter det.

For å ivareta naturtilhøva på staden må ein hindra avrenning frå utbyggingsområdet i utbyggingsperioden. I tillegg må utbyggingsperioden vera så kort som mogeleg. God handsaming av overvatn, og at overvatn frå parkeringsplassane ikkje vert leidd direkte til vassdraget, er også viktig, går det fram av sakspapira.

Vidare kan ein lesa at det er utarbeidd ein eigen ROS-analyse for planområdet. Gjennom ROS-analysen har ein funne følgjande uønskte hendingar: Flaum, overvatn og ekstrem nedbør, sårbar fauna og friluftsliv. Avbøtande tiltak er stilt for å redusera risikoen for uønskte hendingar, går det fram av planomtalen.

– Må få aksept for omdisponering av friområde

I sakspapira presiserer kommunen at det pågår ein parallell prosess for omdisponering av delar av området sett av til «statleg sikra friområde».

– Per dags dato ligg det ein søknad om omdisponering til uttale hjå Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), med frist for uttale 8. august. Når uttalen frå BOF er motteken, skal søknad om omdisponering sendast til uttale hjå Statsforvaltaren i Vestland, Vestland Fylkeskommune og Miljødirektoratet. Det er ein føresetnad at ein får aksept for omdisponering av friområde til ny idrettshall av Miljødirektoratet før ein eventuell slutthandsaming av saka, vert det påpeika.

Det er ikkje gjort avtale om kommunal støtte til bygging, drift eller bruk av hallen. Hallen har med andre ord, på noverande tidspunkt, ingen konsekvensar for kommunen sin økonomi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Planframlegget legg til rette for auka tilgjenge til friluftsområdet, som kan gje auka bruk av nærområdet. Dette er positivt av di området er lite tilgjengeleg/tilrettelagt for ålmenn bruk i dag, og dermed har eit uløyst potensial for ålmenta, går det fram av sakspapira.

Benkar, bord, gapahuk, grillhytte, lagringsplass for kano/kajakk og liknande er ting som ifølgje planomtalen kan bli aktuelt å etablera i området kring idrettshallen.

– Planen legg godt til rette for behovet for ny idrettshall, gode kvalitetar på rekreasjonsareal og gode oppvekstvilkår for born og unge, skriv administrasjonen i konklusjonen sin.

Administrasjonen rår til at planforslaget vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, men, som tidlegare nemnt, av di planforslaget er i strid med overordna føring, då delar av planområdet ligg som statleg sikra friområde, kan ikkje forslaget fremjast for endeleg vedtak før søknad om omdisponering av statleg friluftsområde er avgjort.

Frist for å koma med merknader til planen er 12. september.

Mindre synleg: Slik ser Søre Neset idrettslag føre seg den nye hallen på Halhjem. Ifølgje sakspapira har ein i prosessen med planomtalen klart å senka idrettshallen i terrenget for å gjera uttrykket mindre synleg frå omkringliggjande bustader.