Slik står det til med isen i Os etter at mildvêret kom

Ikkje farbar: Slik ser det ut når mannskap frå Bjørnafjorden brann og redning måler isen på Ulvenvatnet.

Bjørnafjorden brann og redning kom med ny ismåling idag, mandag.

Fredag melde vi at fem vatn i Os hadde farbar is, etter at Bjørnafjorden brann og redning hadde vore ute og målt.

Mandag er resultatet eit anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mykje overvatn på isen, og ingen av vatna som er målt har farbar is etter dagar med mildvêr.

Desse vatna vert målt av brannvesenet:

Ulvenvatnet sør (Moberg)

Ulvenvatnet nord (Sigurdsvika)

Banktjørno

Gåsakilen

Lekvenvatnet

Generelt om målinga

For at Bjørnafjorden brann og redning skal vurdera isen som farbar og skilta vatn med trygg is, må dei ha målt 90 prosent av vatnet til å ha 15 centimeter eller tjukkare is.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei vurderer årleg kva for vatn i Bjørnafjorden som blir målte.

Bjørnafjorden brann og redning måler isen på utvalde vatn ein til to gonger i veka i kuldeperiodar. Sjølv om isen er farbar, må du alltid vere varsam og merksam når du ferdast på han.