Sett på vent: Kommunen vil ikkje motta nye dosar av AstraZeneca-vaksinen inntil vidare.

Slik vert endringane i Bjørnafjorden etter at vaksine er sett på vent

Koronavaksinering med AstraZeneca-vaksinen er sett på vent i Noreg etter rapportar om moglege alvorlege biverknader.

Mogleg biverknader er rapportert i form av blodpropp hos nokre som har fått denne vaksinen i Danmark.

Det er ikkje bevist at det er samanheng mellom vaksinen og desse moglege biverknadene, men Folkehelseinstituttet har stansa vidare bruk av denne vaksinetypen medan saka blir undersøkt. Det betyr at kommunen ikkje vil motta nye dosar av AstraZeneca-vaksinen inntil vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har nokre vaksinedosar liggande på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter, men desse vil ikkje bli brukte før FHI eventuelt gir klarsignal, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Dei nye retningslinjene medfører nokre endringar i vaksinasjonsplanen i Bjørnafjorden.

240 personar over 78 år har fått tilbod om 1. dose av BioNTech/Pfizer-vaksinen onsdag 17. mars. Dei vil få 2. dose etter seks veker, ikkje etter tre veker, slik praksisen har vore hittil.

Dersom ein person blir smitta av covid-19 etter å ha fått 1. vaksinedose, skal han eller ho ikkje ta dose 2.