Vil ikkje bli oppdaterte: Digital ruteinformasjon (appen Skyss Reise og sanntidstavler) vil ikkje bli oppdaterte med innstilte avgangar.

Det blir ingen avgangar i Os dersom det blir busstreik

Dersom det blir streik, vil det få omfattande konsekvensar for busstilbodet i heile Vestland frå og med laurdag morgon.

– Dersom det blir streik, blir det ingen avgangar med Skyss sine bussar i bergensområdet (ruteområda Bergen sør (herunder Os), Bergen sentrum, Bergen nord, Vest og Nordhordland). I resten av Vestland vil det gå nokre få enkeltturar i nokre ruteområde. Vi vil leggja ut ei liste over dei avgangane dette gjeld på skyss.no og kringom.no så snart desse er klare, opplyser Skyss i ei pressemelding.

Digital ruteinformasjon (appen Skyss Reise og sanntidstavler) vil ikkje bli oppdaterte med innstilte avgangar, men Skyss vil leggja ut generell informasjon om streik i alle sine kanalar, ifølgje pressekontakt Ingrid Dreyer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi oppfordrar til å reisa minst mogleg dersom det blir busstreik.

Tilsette i Bybanen er ikkje omfatta av streiken, og Bybanen vil gå som planlagt.

– Det er grunn til tru at det kan bli meir trengsel på Bybanen enn vanleg. Av omsyn til smittesituasjonen oppmodar vi alle om å unngå å reisa, og dersom ein likevel må reisa, ber vi om å nytte munnbind, også utanom rush-tida.