Hageslange: Mange hageslangar og vatnspreiarar går varme i varmen. Det vil kommunen ha slutt på.

Slit med å levera nok vatn i varmen: Vurderer vatningsforbod

Kommunen ber folk spara på vatnet.

— Vassforbruket i Bjørnafjorden kommune er no så høgt at vi har problem med å levera nok vatn, heiter det på kommunens heimeside.

Vassforsyningssystema greier rett og slett ikkje å fylla alle basseng og vatna alle hagar i kommunen samstundes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi oppmodar alle til å redusera hagevatning eller bruk av vasspreiar og anna unødvendig vassbruk. Om ikkje forbruket går ned, må vi vurdera å innføra vatningsforbod.

Ein vasspreiar brukar mellom 1.000 og 1.500 liter i timen. Det vil seia at på éin time bruker ein standard vasspreiar om lag like mykje vatn som ti personar brukar på eit heilt døgn.

Skulle det oppstå ein brann, risikerer ein å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkkja brannen, seier einingsleiar for samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland.

Ho rår alle i Bjørnafjorden kommune som får vatn frå eit kommunalt vassverk, om å ikkje bruka vatn unødvendig.

— Reduser bruk av spreiarar, og ikkje la hageslangen ligga og renna.

I tillegg bør folk gå for gjenbruk av vatn, og bruka vatnet i plaskebassenget til å vatna planter og bed.