Torsdag måtte politiet i Os rykka ut til ein valdsepisode på eit legekontor. - Vi ser alvorleg på hendinga, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Arkivfoto)
Torsdag måtte politiet i Os rykka ut til ein valdsepisode på eit legekontor. - Vi ser alvorleg på hendinga, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Arkivfoto)

Slo til fastlegen sin

Ein person i 30-åra vart torsdag pågripen etter å ha slått til fastlegen sin. Personen vart sett i arrest, men lauslaten seinare på kvelden.

I 14-tida torsdag fekk politiet i Os melding om at ein person i 30-åra hadde utøvd vald mot offentleg tenestemann.

- Vedkomande hadde slått til fastlegen sin, og vart pågripen av politiet og sett i arrest, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personen vart avhøyrt, og lauslaten seinare på kvelden.

- Saka vert følgt opp i rettsapparatet. Vi ser alvorleg på hendinga, seier Hadler-Olsen.

Politioverbetjenten kan ikkje seia noko om kva som skjedde i forkant av valdsepisoden.

Kverrsette førarkort

Like før klokka 16 torsdag, kolliderte to bilar ved Kiwi-butikken på Haugsneset. Den eine føraren er meldt for brot på Vegtrafikklovas paragraf 3, som handlar om å visa aktsemd i trafikken. Føraren fekk sertifikatet sitt kverrsett.

I 21-tida torsdag stogga politiet ein mopedist i Os sentrum som var ute og køyrte utan gyldig førarkort. Også han vert meldt for forholdet.

Til sist opplyser politiet om at dei hadde ein trafikkontroll på Søfteland rundt klokka 23. "5 bilar vart kontrollerte. Ein fekk mangellapp av di bilen var i teknisk dårleg stand.