Slutt på gratis-parkering på Osøyro?

Det spørsmålet oppstod etter at politikarane hadde sett dei nye teikningane av parkeringshuset på Osøyro, der det må vera avgiftsbasert parkering. (Bildeserie)

På Os kommunes budsjettkonferanse på Sandsli fekk politikarane for første gong sjå teikningar av dei nedskalerte parkeringshuset. Prosjektavdelinga med Tor Inge Døsen i spissen har laga den nye planen, og Link Arkitektur har laga teikningar - denne gongen tilpassa tomta.

- Er 150 plassar nok?

Parkeringhuset vil vera på tre etasjar, og romma 50 bilar per etasje. Til saman 150 bilar. Ståle Skaatun (H) lurte på om det var nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva er det reelle behovet for parkeringsplassar - for meg er det noko som seier at dette er litt lite, sa Skaatun.

- Dei store parkeringshusa som vart lagt fram i fjor, fekk tommelen ned frå politikarane. Og mi oppgåve har vore å laga ei nedskalert utgåve som ligg innanfor rammene av reguleringsplanen. I dag er det 75 parkeringsplassar framføre rådhuset, så dette vert ei dobling i forhold til det, sa Døsen.

"Parkeringspalassa" som vart presentert for eit år sidan, og deretter skrinlagt, kunne romma 300 bilar. Årsaka til at dei vart skrinlagt var visuelt omfang og prislapp.

- Men dersom det seinare skulle visa seg at 150 plassar ikkje er nok, er det enkelt å byggja ein etasje til. Årsaka til at me ikkje har gjort det i dette forslaget, er med tanke på volumet det ville gjeve p-huset i forhold til omgjevnadene, sa Døsen.

Gratis eller betalt?

Med ein prosjektkostnad på ca. 34 mill. kroner (eks. moms), kan det vanskeleg vera heilt gratis for parkerande på Osøyro å stå i det nye parkeringshuset. Tor Inge Døsen kalla det eit dilemma:

- Korleis skal framtidas parkering i sentrum vera? Eg vil tru at eit slikt parkeringshus vil medføra betalingsparkering. Kva skal då skje med resten av Osøyro? Der ligg det eit openbert dilemma, sa Døsen.

For dersom det skulle vore gratis å stå på gateplan, men kosta pengar å parkera i p-hus, vil ein i praksis oppmuntra folk til å ikkje bruka p-huset. Døsen bad politikarane tenkja over problemet når dei vurderer saka vidare.

Rekve: Har ikkje råd

Parkeringshuset kjem på toppen av eit alt rekordstort investeringsprogram i kommunen. I budsjettforslaget skriv Knut Terje Rekve det rett ut: "Vi har ikkje funne rom for å ta inn parkeringsanlegg ved Rådhuset - her bør kommunestyret vurdere å overføre denne oppgåva til Os Parkeringsselskap AS".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er eit selskap me eig hundre prosent av. Det er eit mogleg reiskap for å realisera p-huset, sa ordførar Terje Søviknes.

- Alternativt kan me gå ut i markanden og spørja om det finst private som vil ta på seg finansiering og risiko av dette på gitte premissar. Mellom anna kan frikjøp av parkeringsplassar til bruk for bustadprosjekt vera med å finansiera det. Her må me vera kreative, sa Søviknes.

Han la til at mange av desse problemstillingane må politikarar og administrasjon gå djupare inn i, og at det truleg vil verta oppretta eit adhoc-utval blir sett ned for å jobba med saka vidare.

-,