Over kneika: Smittetalet er halvert og sjukefråværet på grunn av koronasmitte er på veg ned.

Slutt på rapportering av koronatal: Smitten halvert sist veke

Etter to år med pandemi, deler Bjørnafjorden kommune sin koronastatistikk for aller siste gong.

Bjørnafjorden kommune registrerte sist veke 379 positive PCR- og sjølvtestar.

Det er ei halvering frå veka før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser kommunen på si heimeside.

Kommunen vil framover ikkje lenger rapportera om koronastatus (smitta, aldersfordeling, vaksinering, utfordringar i tenestene osb.) til Statsforvaltaren, og difor er det no òg slutt på koronarapportering kvar veke på kommunens heimeside.