Utsett: Rettleiaren skulle eigentleg vore klar sist fredag, men vart utsett på grunn av behovet for ei ekstra høyring med utdanningssektoren.

Smittevernrettleiar for vidaregåande skule kjem i dag

Ein ny smittevernrettleiar for vidaregåande skular vil bli offentleggjord i dag, opplyser Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.

Rettleiaren skulle eigentleg vore klar sist fredag, men vart utsett på grunn av behovet for ei ekstra høyring med utdanningssektoren. Målet er å få ned smitten blant dei eldste skuleelevane.

I mars er det registrert 3.205 tilfelle av koronasmitte blant personar mellom 10 og 19 år i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg er tusenvis av vidaregåande skuleelevar anten i karantene eller på heimeskule.

Greve-Isdahl legg til at rettleiaren vil innehalda eit punkt om munnbindbruk.

Det vil òg koma smittevernrettleiarar for barnehagen og grunnskulen i løpet av veka, skriv Utdanningsnytt.