Dårleg norsk: – Slike svindelforsøk kan framstå som truverdige, medan denne SMS-en er skriven på dårleg norsk.

SMS-svindel: – Ikkje trykk på denne lenka

Politiet åtvarar mot stadig nye forsøk på svindel.

Siste eksempelet er ein SMS som gir seg ut for å koma frå namsmannen.

– Ikkje trykk på lenka dersom du mottar ei slik melding, er den klare beskjeden i ei pressemelding frå Politidirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I SMS-en vert det spurt etter informasjon i ei utleggssak. SMS-en er ei påminning og inneheld ei lenke kor ein vert oppfordra til å sjekka eller oppdatera saka.

– Slike svindelforsøk kan framstå som truverdige, medan denne SMS-en er skriven på dårleg norsk. Det er også alltid lurt å sjå nøye på URL-en eller lenka. Lenka i denne SMS-en ser mistenkeleg ut og leier til ei nettside som har som formål å stela personleg informasjon, skriv politiet.

Logg gjerne inn på "Mine saker" på nettsida til namsmannen for å sjekka om du har utleggssak eller forliksrådsak - før du vurderer å opna ei lenke på SMS, er rådet.

Dersom du har vore uheldig å trykkja på lenka, tilrår politiet at du gjer følgjande:

* Endra passord på alle tenester og nettsider som du har besøkt med mobilen umiddelbart.

* Tilbakestill telefonen til fabrikkinnstillingar. Nettsida lenka leier til, kan ha installert skadevare på telefonen din.

* Dersom du gjenopprettar telefonen frå en sikkerheitskopi, må du sørgja for at sikkerheitskopien er frå før du besøkte nettsida.