Leiar i Os Hundeklubb, Stine Pernille Grytøyr, fortel at klubben får disponera området utanfor gamleskulen på Drange.
Leiar i Os Hundeklubb, Stine Pernille Grytøyr, fortel at klubben får disponera området utanfor gamleskulen på Drange.

Snart opnar Os Hundeklubb sitt nye treningsområde

Os Hundeklubb var bekymra mot slutten av fjoråret, då det såg ut til at dei ikkje lenger hadde noko plass å vera. No har det endeleg ordna seg for klubben.

Os Hundeklubb nærmar seg 40 år. Klubben som blei stifta i 1980, har i lang tid hatt treningsområde i Åsen ved Fjellanger Hundesenter. I november i fjor fortalde hundeklubben at dei varfortvila fordi dei måtte bort frå treningsområdet, då grunneigar ønskte å nytta plassen til noko anna. Sidan den gong har Fjellanger late klubben få trena hjå dei ein dag i veka, og dei har hatt treningar inne på Stend Jordbruksskole. Men no har det løyst seg for hundeklubben, som håpar å kunna opna sitt nye treningsområde ved gamleskulen på Drange kring skulestart.

– Det var eit av medlemmene i klubben som tipsa om denne plassen, fortel leiar i klubben, Stine Pernille Grytøyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gamleskulen på Drange

Området utanfor gamleskulen håpar Grytøyr at skal vera hundeklubben sitt i lang tid framover.

– Vi tok kontakt med kommunen. Dei var positive frå første sekund. Vi fekk raskt eit møte med to frå kommunen – ein frå teknisk- og ein frå økonomi-avdelinga. Vi laga ein avtale som seier at vi får disponera området. Vi veit ikkje kor lenge. Det kjem an på kva dei har tenkt med gamleskulen, seier Grytøyr.

Då avtalen kom på plass, var plassen grodd igjen. Hundeklubben starta å jobba dugnad, men etter kvart såg dei at dei trengde hjelp.

Den siste tida er det blitt jobba med treningsbanen, som ifølgje Grytøyr no er nærmast perfekt til deira føremål.
Den siste tida er det blitt jobba med treningsbanen, som ifølgje Grytøyr no er nærmast perfekt til deira føremål.
Området var grodd att, og stod til tilstanden på gamleskulen i bakgrunnen, før dei starta med arbeidet.
Området var grodd att, og stod til tilstanden på gamleskulen i bakgrunnen, før dei starta med arbeidet.
Utsikt frå den nye tilskodar-haugen.
Utsikt frå den nye tilskodar-haugen.

– Vi kontakta fleire entreprenørar, men det var ingen som var låge nok i pris til at vi kunne gjera ein avtale – før Lekven Entreprenør kom på banen. Dei var positive og sponsa oss til og med, fortel Grytøyr.

No har dei fått ein treningsbane, som ifølgje Grytøyr er heilt optimal.

– Naboane er ikkje tett på oss, og banen ligg nede i ein dump. Det er gjerde kring området, og banen er av sand, seier Grytøyr og legg til:

– Då vi jobba dugnad var det fleire nye medlemmer som bur i nærleiken som stilte opp. Dei var så glade for at vi hadde fått treningsbane her. Vi håpar på offisiell opning av banen til skulestart.