Håpar på fleire søkjarar: Det er kort tid før fristen går ut. Jon Sivert Rykkel håpar at fleire verksemder søkjer innan fredag.

Søknadsfrist nærmar seg: — Det er absolutt rom for fleire søkjarar

Kommunen skal straks i gang med å dela ut seks millionar kroner.

Fristen var sett til 5. april, men blei utset til førstkommande fredag — 9. april.

Fungerande næringssjef Jon Sivert Rykkel fortel at dei så langt har fått inn rett i overkant av 30 søknader, og at det absolutt er rom for fleire.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Folk må berre søkje. No er det kort tid til fristen går ut, men det skal vera nok tid til å få levert ein søknad, seier Rykkel.

Dokumentasjon som er naudsynt for å søkja om “koronamidlar”, er noko som dei som driv verksemdene alt sitt på, som Rykkel sa sist då kommunen annonserte at seks millionar kroner no skulle delast ut.

Eit lokalt “panel” der tilsette i kommunen og to frå næringsrådet er representerte, skal i vår vurdera søknadene frå dei lokale verksemder. Dei sit på ein god pengesekk. I overkant av seks millionar kronar skal koma bedrifter i kommunen til gode.

Stortinget fatta 23. februar vedtak i saka “Økonomiske tiltak i møte med pandemien”. Regjeringa har følgd dette opp, og no er det delt ut pengar som kommunane skal distribuera vidare til verksemder lokalt. Den lokale tildelinga kjem i tillegg til statens tiltak for å kompensera for ulempene bedriftene har som følgje av smitteverntiltak.

Utdeling: Dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd Synnøve Mowinckel og fungerande næringssjef i kommunen, Jon Sivert Rykkel, fortel at tilsette i næringsrådet og kommunen skal vurdera søknadene saman.

Slik det ser ut no, vil ein ikkje kunna dela ut heile summen, då det ikkje er nok søknader til å “nå taket».

Dei som hadde ein omsetnad på inntil tre millionar i 2019, kan få inntil 100.000 kroner. Med ein omsetnad på mellom 3 og 10 millionar, kan ein få maks 150.000 kroner. Viser tala 10—30 millionar, i omsetnad i 2019, kan ein få 200.000 i tilskot, og ved omsetnad over 30 millionar i 2019, kan ein få 300.000 kroner i denne runden.

— Slik det er no, vil ikkje vi kunne dela ut heile summen i denne omgang, men eg håpar og trur at det vil koma inn ein del søknader før fristen går ut. Det har uansett kome signal om ytterlegare pakker frå staten. Kva beløp og kva vilkår som gjeld frå regjeringa då, veit vi ikkje noko om, men om ikkje vi skulle få delt ut alt no, håpar eg at vi kan dela resterande tilskot i neste omgang, seier Rykkel.