Sol og tørt gras: Meteorologen melder om ei solfylt helg.

Solfylt helg i sikte

— Alt tyder på at det blir mykje sol i helga, men pass dykk for trekk frå nordavinden.

Det seier meteorologen som Os & Fusaposten prata med fredag ettermiddag.

Haldis Berge er raus med løfta om fint vêr.

Artikkelen held fram under annonsen.

— I morgon, laurdag, blir det opphald og lange periodar med sol. Det same gjeld søndag, og reint turmessig er nok den dagen endå lunar, seier Berge.

Natt til i morgon vil det koma ein del småbyer. Ut på morgonen skin det opp.

— Så får me jamt over kring 10-11 gradar utover laurdagen, men nordavinden vil merkast godt, så om du skal sitja ute i sola, bør du finna deg ein lun plass.

— Søndag snur vinden noko. Då vert det mindre trekk, konstaterer meteorologen.

— Korleis blir neste veke?

— Måndag blir det meir skyer. Truleg mykje opphaldsvêr, men fare for nokre byer. Utover veka blir det litt klassisk april-vêr. Noko skiftande heile vegen, slår ho fast.

— Og temperaturane framover?

— Det vil bli nokolunde slik det er no. Me har ikkje noko høgtrykk i sikte, så fram til over neste helg, ser det ut til å vera meir vinter- enn vårtemperaturar, seier Berge.