Johan Matland ønskjer at folk skal engasjera seg i debatten kring støy frå Solsiden. Sjølv støttar han uteplassen og meiner at den er viktig for det noko vaknare utelivspublikumet i bygda.
Johan Matland ønskjer at folk skal engasjera seg i debatten kring støy frå Solsiden. Sjølv støttar han uteplassen og meiner at den er viktig for det noko vaknare utelivspublikumet i bygda.

Solsidendebatten engasjerer osingar stort

Fleire og fleire engasjerer seg i Solsiden-debatten. Johan Matland oppretta fredag ei Facebook-side til støtte for Solsiden. Tre dagar etter tel sida 800 medlemer.

Matland har følgd konflikten mellom bebuarane i Irisgården og uteplassen Solsiden tett. Etter å ha fått med seg lesarinnleget «Ønsker vi egentlig liv på Øyro»? i Os og Fusaposten sist veke, bestemte han seg for å gje uteplassen i Os si støtte.

- Eg kjente på at veldig mange meinte noko om saka, men få gjorde noko med det. Mitt bidrag er denne Facebook-sida der eg støttar Solsiden i kampen deira for å få lov til å ha "nattope" i Irisbygget. Med 800 medlemer på tre dagar tolkar eg det dit hen at mange osingar meiner det same, seier Matland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksent alternativ

Han er samd med lesarinnlegg-skribenten i at folk som ønskjer fred og ro, kanskje bør prioritera å bu andre plassar enn i sentrumskjernen.

- Solsiden står for eit vaksent utelivstilbod i Os. Per dags dato er det ingen alternativ til denne plassen, i alle høve ikkje seint på kveld. Catten er for den yngre garde, me litt eldre må også få ha ein plass å gå etter at Peppes stengjer i helgane, seier Matland.

Han er sikker på at utelivsplassen ikkje vil klara seg om dei må endra stengetida.

- Det at dei er ope etter at dei andre skjenkestadene i Os er stengt, er jo heile livsgrunnlaget deira. Om Solsiden må stengja klokka 01.00, er det kroken på døra for dei. Og me som liker å gå på Solsiden måtte då ha vurdert bergensturar i staden - noko som er langt meir tungvint og dyrt, seier Matland.

Viktig å visa støtte

Initiativtakaren til støttesida ser sjølvsagt at saka har to sider.

- Det er leit at bebuarane i Irisgården vert forstyrra, men eg har vore ein del på Solsiden, og trur ikkje det er meir bråk der enn ved andre tilsvarande uteplassar i sentrumsbygg, seier Maland og held fram.

- No har eg laga ein Facebook-side der eg støttar Solsiden si sak, så kan motparten laga ei side for seg om dei måtte ønskja det. Det viktigaste er at alle moment kjem fram, så får me håpa at kommunen til sjuande og sist avgjer denne tvisten på rettferdig vis.