Istid: Her er Oliver og mormor Karin i sommarvêret på gjestehamna.

Sommarprat på hamna: — Sommaren er høgtida for meg

Varmen har kome tilbake for ei lita stund, og fleire nyt sommaren på gjestehamna i Os. Her er det dei har å seie om sommaren.

Tett i tett: Det står fleire båtar ved gjestehamna.

Oliver (4)

Saman med mormor Karin sit Oliver på hamna i Os med ein jordbær is i handa. Ikkje den første, og i alle fall ikkje den siste.

1. Kva gjer du i sommar?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Oliver har vore på bubilferie til Hunderfossen og Mikkelparken, og no er han på besøk hos meg, svarar mormor Karin for Oliver som gøymer seg litt bak mormora.

2. Kva er det beste med sommaren?

— Det er nok is for han. Om sommaren blir det fort is kvar dag.

3. Kva er dine beste sommartips?

— Å vere ute og gå tur, finne fram grillen, kose seg rett og slett, seier Karin.

4. Kva klarer du deg ikkje utan om sommaren?

— Oliver svarer nok is, ler Karin, og held fram:

— For meg er det krabber. Det høyrer sommaren til. Og sol.

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Kva ser du mest fram til til hausten?

— Håper på ein fin haust med fine fargar.

Emine (7)

Smilar: Emine er glad det er sommar, men gler seg også til hausten.

1. Kva gjer du i sommar?

— Eg har vore i Kristiansand i to veker, og så er eg heime.

2. Kva er det beste med sommaren?

— Ete is og bade, svarer Emine kjapt med isen i handa.

3. Kva er dine beste sommartips?

— Bade i Kuvågen, det er den beste badeplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

4. Kva klarer du deg ikkje utan om sommaren?

— Å dra på hytta til bestemor og bestefar i Kristiansand, det gjer eg kvar sommar, så det må eg.

5. Kva ser du mest fram til til hausten?

— At eg har bursdag, svarer ho kjapt med eit stort smil, og held fram:

— Eg blir 8 år den 9. august.

Anna Sofie (19)

Båt: Anna Sofie skal snart på båttur med ei venninne.

1. Kva gjer du i sommar?

— Ikkje så mykje spesielt. Eg har kome inn på studie så eg førebur meg litt til det. Eg skal på til Bergen på musikkterapi.

2. Kva er det beste med sommaren?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Sol og sjø, det er sommar det. No ventar eg på ei venninne så skal me på båttur, smiler Anna Sofie.

3. Kva er dine beste sommartips?

— Vere med folk som gjør deg glad og som bringar noko fint i livet ditt.

4. Kva klarer du deg ikkje utan om sommaren?

— Det blir nok is. Saftis er eit «must» om sommaren.

5. Kva ser du mest fram til til hausten?

— Å starta å studere og bli kjent med nye folk.

Erik (40)

Hyttesommar: I år er heile familien på hytta i Fusa og i dag tok dei seg ein båttur til Os.

1. Kva gjer du i sommar?

Artikkelen held fram under annonsen.

— I sommar er eg berre på hytta i Fusa. Det er hyttesommar i Noreg.

2. Kva er det beste med sommaren?

— Båttur, grilling, is og bading.

3. Kva er dine beste sommartips?

— Gjere minst mogeleg og senke skuldra. Nyte ferien rett og slett, seier han med eit smil.

4. Kva klarer du deg ikkje utan om sommaren?

— Det er synd å seie, men eg klarer meg nok ikkje utan mobil og internett.

5. Kva ser du mest fram til til hausten?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg blir trist av å tenkja på hausten, eg er jo eit sommarmenneske. Sommaren er høgtida for meg, ler Erik, og held fram:

— Men det blir vel å kunne vere inne med godt samvit kanskje. Og komme tilbake til normalen.

Tom Arne (63) Tore (67)

Bra plass: Tore (f.v.) og Tom Arne tykkjer gjestehamna er ein flott plass å sitje.

1. Kva gjer du i sommar?

— Me sit her og koser oss i sola, seier Tom Arne med eit smil.

— Ja dette er plassen å vere, legg Tore til.

2. Kva er det beste med sommaren?

— Varmen. Og årstida generelt, ein blir glad av sommar, seier Tom Arne.

3. Kva er dine beste sommartips?

— Det er då fint her på Os hamn. Nærme sentrum, fin utsikt mot fjorden, så å ta seg ein tur hit, seier Tore.

4. Kva klarer du deg ikkje utan om sommaren?

— Øl, ler Tom Arne, og legg til:

— Og sjømat då, krabber og reker og sjøkreps. Det høyrer sommaren til.

5. Kva ser du mest fram til til hausten?

— At finvêret held fram. Det håpar me i alle fall, seier begge to.