Før ein går til alters, er det viktig å verta betre kjent. I Nore Neset Aktivitetshus fekk politikarar og administrasjon vita meir om korleis Os og Fusa vert drivne i dag.
Før ein går til alters, er det viktig å verta betre kjent. I Nore Neset Aktivitetshus fekk politikarar og administrasjon vita meir om korleis Os og Fusa vert drivne i dag.

Sonderte terrenget på begge sider av fjorden

Sjenerøsitet og respekt overfor kvarandre er viktig i arbeidet med kommunereforma. Ordførar Atle Kvåle starta tysdagens felles formannskapsmøte med å seia at han godt kunne akseptera ein oselvar i kommunevåpenet til den komande Bjørnefjord-kommunen.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det handlar om felles kultur og identitet rundt Bjørnefjorden, og oselvarane vart bygt i alle kommunane langs fjorden, påpeika fusaordføraren.

Tysdag møttest formannskapa og administrasjonen i Os og Fusa til eit felles formannskapsmøte i Nore Neset Aktivitetshus. Tanken med møtet var at politikarar og administrasjon skulle få høve til å verta betre kjent med sin framtidige partnar, og at ein skulle verta samd om ein framdriftsplan for reforma.

- Eg trur vi har tre gøyale år framfor oss, sa konstituert rådmann i Fusa, Elisabeth Farstad.

Etter å ha vore i lag i litt over to timar, fann politikarar og administrasjon i dei to kommunane ut at det kanskje hadde vore greitt med ein presentasjonsrunde.
Etter å ha vore i lag i litt over to timar, fann politikarar og administrasjon i dei to kommunane ut at det kanskje hadde vore greitt med ein presentasjonsrunde.

Sjølv om politikarane er opptekne av å behandla kvarandre som likeverdige partar, er det ikkje til å stikka under ein stol at skilnadene mellom dei to kommunane er store. Medan Fusa har ti innbyggjarar per kvadratkilometer, er talet i Os 141. Eller for å seia det på ein annan måte: Innbyggjartalet i Os er fem gonger så stort som i Fusa. På arealfronten derimot er det Fusa som regjerer. Fusa har nesten tre gonger så stort areal som Os.

Økonomi: - Ein viss grad av handlefridom

Spesialrådgjevar Anne Lise Aaseng presenterte den økonomiske stoda i Fusa. Lånegjelda er betydeleg lågare i Fusa enn i Os (54.125 kroner kontra 70.359 kroner). På den andre sida har resultatgraden (kor stort overskotet er i forhold til drifta av selskapet) dei siste åra lege på eit snitt på 0,7 prosent. KS rår kommunane til å ha ein resultatgrad på 1,75 prosent.

- Resultatgraden seier noko om handlingsrommet til ein kommune, påpeika Aaseng.

Fusa kommune har ei netto driftsramme på 233 millionar kroner. Av desse kjem om lag 13,5 mill. kroner frå eigedomsskatt. Vidare viser tala at fonda til kommunen er i ferd med å gå tom. Fusa kommune har per i dag 761 kroner per innbyggjar i ubundne driftsfond, og 948 kroner per innbyggjar i ubundne investeringsfond.

- Det er gjennomført mange kutt dei siste åra. Dei "enkle" kutta har alt funne stad. Men framleis er driftsutgiftene høgare enn inntektene, og i 2019 ligg vi an til ei underdekning på 9,7 millionar, sa Aaseng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass utfordringar knytt til økonomi, er det ifølgje Aaseng godt å vera innbyggjar i Fusa.

- Vi klarer oss godt. Vi har mange løysingsorienterte og engasjerte fagfolk, og i ulike nasjonale vurderingar skårar tenestene våre høgt, sa ho.

I Os har ein i dag det som økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas karakteriserer som "ein viss grad av handlefridom". Men det har ikkje vore gratis å koma seg dit.

- Økonomien i Os i dag ber preg av eit djuppløyd ønske om aldri å hamna i ein kuttsituasjon igjen, sa Kaalaas.

Os har dei siste åra klart KS sine forventningar om resultatgrad med god margin. Reint praktisk betyr det at kommunen er nøydd til å halda att kring 24 mill. kroner av driftsresultatet kvart år. Desse pengane vert som regel sett av i ymse fond.

- For å få til dette er vi avhengige av at politikarane støttar tilnærminga. Og det gjer dei. Overskotet er ikkje mindre etter at politikarane har handsama budsjettet, påpeika økonomisjefen.

Sjølv om tala har vore gode dei siste åra, er ikkje alt berre fryd og gammen i Os heller. Ifølgje Kaalaas buttar det mot i 2019 og 2020. I 2020 er det full drift på Luranetunet. Det betyr 34 mill. kroner meir i driftsutgifter per år. I tillegg har kommunen ei stadig utfordring i å balansera folkevekst versus tenestetilbod. Kapitalkostnadene er dessutan aukande.

- Investeringstakta i kommunen vår er frisk, men vi er ein vekstkommune, og er nøydde til å investera for å gje innbyggjarane våre dei tenestene dei treng, påpeika Kaalaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre i 2017 skal det investerast for 472,8 millionar i Os. Det er meir enn dobbelt så mykje som den totale gjelda i Fusa kommune. Gjelda i Fusa er 228 millionar, i Os 1,8 milliardar.

- Korleis skal vi klara å fjerna eigedomsskatten i Fusa, utan at det går ut over tenestetilbodet, undra Margunn Yndestad Samnøy (Sp).

- Eg veit ikkje. Det må politikarane ta stilling til. Eigedomsskatten utgjer ein betydeleg del av Fusa kommune si finansieringskjelde, så ei gradvis nedtrapping kan vera éin veg å gå, sa Kaalaas.

Mikal Leigland (Sp) lurte òg på korleis ein skal klara å finansiera dei auka utgiftene på Luranetunet i 2020, i tillegg til fråfallet av eigedomsskatt i Fusa.

- Luranetunet har vi teke høgde for i økonomiplanen vår allereie. I tillegg hjelper staten oss med ein del eingongsmidlar i samband med samanslåinga. Desse pengane må ein ta stilling til korleis skal disponerast, sa økonomisjefen.

Undervising: Små versus store skular

Økonomi var berre ein liten del av det som vart omtalt i Nore Neset Aktivitetshus tysdag. Representantar frå samtlege einingar i dei to kommunane fortalte litt om korleis ting heng saman i deira eining.

I Fusa er det sju barnehagar (seks kommunale, éin privat), sju barneskular (fire kommunale, tre private) og éin ungdomsskule. Talet på elevar er til saman 529. Barnehageborn 223.

- Barnehagane i Fusa driv kanskje litt for effektivt. Barnehageplassane i kommunen er 17.000 kroner billigare per plass enn i andre kommunar i kommunegruppe to, sa einingsleiar Irene Kvåle Foer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nokre skular er veldig slitne, spesielt ungdomsskulen treng renovering, men det er det planar for, sa einingsleiar for undervising, Anne-Merete Mærli Hellebø og la til:

- Det absolutt viktigaste for oss når vi gjer prioriteringar er borna og elevane. Korleis kjem dette borna til gode, spør vi, og om vi ikkje klarar å svara skikkeleg på spørsmålet, så lèt vi det vera.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) ønskte å vita i kor stor grad dei private barneskulane tek del i det utviklingsarbeidet som kommunen gjer.

Hellebø fortalte at dei private skulane driv ut frå ein annan pedagogikk, så på det området vert det ikkje så mykje samarbeid, men at ein samarbeider om tiltak som Den kulturelle skulesekken, PPT og Rikskonsertane.

I Os går det 366 elevar på den største barneskulen, og talet på grunnskulelevar er til saman 2.806. I tillegg går det 1.324 barn i barnehagane i Os (14 private, to kommunale).

- Samarbeidet med Fusa på barnehage- og skuleområdet er allereie godt. Grunnlaget for å gå i gang med ein samanslåingsprosess er difor veldig bra, påpeika oppvekstsejef i Os, Line Rye.

Rye fortalte vidare om utfordringar knytt til folkevekst og fulle skular.

- Spesielt i sentrumsnære område har vi utfordringar med å plassera elevane. Berre frå 2015 til 2016 utgjorde elevveksten i Os to fulle klassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men utfordringane er ifølgje Rye også ein styrke.

- Vi har lært oss å vera fleksible og å finna løysingar, sa ho.

Djupvasskai?

Vidare fortalte Gro Elisabeth Almås, Anne Skagseth og Nils-Petter Borge om utfordringar og styrkar i helseeiningane i kommunane. Terje Raunsgard og Aina Tjosås tok føre seg samfunnsutviklinga i form av mellom anna næring og infrastruktur.

- Vi er ikkje så gode på nyetableringar i Fusa, men dei verksemdene som vert etablerte, varer lenge, og tener pengar. Berre i 2016 hadde vi fire Gaselle-verksemder, fortalte Raunsgard.

Gustav Bahus (Frp) ønskte å vita kvifor ideen om ein felles akvakulturplan stranda, medan Terje Sperrevik (TvS) var oppteken av kva moglegheiter fusingane har for å etablera kaianlegg hjå seg.

Raunsgard avslørte at det vert arbeidd med ei djupvasskai på Holmefjord, som ikkje berre kan vera til glede for fusingar, men også osingar og samningar.

Os og Fusaposten kjem tilbake med meir frå tysdagens formannskapsmøte.