Sov på bussterminalen

Ein person låg og sov på bussterminalen i Os. Vedkomande skal ha lege der ei stund før politiet kom til staden.

Då det ikkje var ledig ambulanse, var det politiet som fekk i oppgåve å sjekka ut meldinga om ein person som sov på bussterminalen.

– Vedkomande var truleg kald etter å ha lege der ei stund. Forholdet blei ordna på staden. I loggen står det at vedkomande blei sete av i eit varmt rom. Meir står det ikkje om den hendinga, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett før klokka 01.00 i natt var det ein annan person som låg på bakken i sentrum.

– Det var ein rusa person. Han blei bortvist frå sentrum, og ser ut til å ha etterkome det, seier Knappen.

I 22.30-tida blei ein mann i slutten av 40-åra teken utan gyldig førarkort på Halhjem ferjekai.