(
(

Sovande mann i sentrum

Det har vore relativt roleg i sentrum i natt.

I Fusa er det ikkje loggført hendingar frå natta. Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, fortel at det også i Os har vore roleg.

– I 01-tida kom det melding om ein mann i 20-åra som var vanskeleg i sentrum ved Esso-stasjonen. Han framstod som kranglete. Patruljen gav han beskjed om å forlata sentrum, noko han også gjorde, seier Samsonsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blei også meldt om ein mann som sov i sentrum.

– Han blei køyrd henta av nokon han kjende og køyrd heim, seier Samsonsen.