(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

- Søviknes blir ny olje- og energiminister

I kveld skriv TV2 at Terje Søviknes kjem til å erstatta Tord Lien som olje- og energiminister.

Det var lenge spekulert i om Terje Søviknes skulle bli statsråd i Erna Solbergs regjering i 2015,  men det blei ikkje noko av då. Men no ser det ut til å bli ein realitet. Søviknes har tidlegare antyda at denne ordførar-perioden kom til å bli hans siste. No er han altså, etter det TV2 erfarer, på veg til Oslo etter å ha vore ordførar i Os kommune sidan 1999. Os & Fusaposten har ikkje lukkast med å få kontakt med Søviknes i kveld. Saka vert oppdatert.