Frp og Høgre er samde: Søviknes blir ordførar og Bruarøy blir varaordførar

Bjørnafjorden Frp og Bjørnafjorden Høgre har i dag inngått intensjonsavtale om samarbeid for valperioden 2023-27.

Partane vil utarbeida ein felles politisk plattform for leiing og styring av Bjørnafjorden kommune, men er allereie no samde om følgjande premiss for samarbeidet; Terje Søviknes (FrP) vert ordførar, medan Marie E. L. Bruarøy (H) vert varaordførar.

Det kjem fram i ei pressemelding tysdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

I formannskap, plan- og bygningsutval og tenesteutval får Frp tre medlemer og Høgre to medlemer.

Les også
Dette vert det aller viktigaste for den komande ordføraren og varaordføraren