Møtet i styringsgruppa tok ei uventa vending som følgje av gårsdagens utspel frå Fusa.
Møtet i styringsgruppa tok ei uventa vending som følgje av gårsdagens utspel frå Fusa.

Søviknes fekk tilsnakk for språkbruk

Opposisjonen meinte Søviknes tok vel hardt i mot nabokommunens ordførar, men var elles einige om vegen vidare.

Møtet i styringsgruppa for kommunereform-prosessen vart ganske annleis gitt kva som hadde skjedd kvelden før. Atle Kvåle la på vegner av Fusa Aplangt ved ned kommunens fortsatte engasjement i samanslåingsarbeidet, og Os-ordførar Terje Søviknestente på alle pluggar. Dette berre to dagar etter at forhandlingsdelegasjonane frå både Os, Tysnes og Fusa hadde skiltest åt vel forlikte - med ferdig utkast til intensjonsavtale.

- Uverdig av Søviknes

Fleire av Opposisjonspolitikarane stilte seg også undrande til det som var skjedd i Fusa, men reagerte likevel på Søviknes sin harde språkbruk mot ordførarkollegaen og Fusa kommune generelt. Han kalte mellom anna kommunen for eit "konkursbu".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ordføraren burde ha telt til 10 før han fyrte av. Fusa får stå for dei dei gjer, og så får me ha ein mest mogleg ryddig prosess. Då er det uheldig at ordføraren kjem med lite flatterande kommentarar om ein nabokommune me kanskje skal slå oss saman med, og i alle fall ha eit fortsatt samarbeid med, sa Helge Steinum (Ap).

Terje Sperrevik (TvS) sa det endå sterkare.

- Eg fekk sjokk då eg såg uttalen frå Søviknes. Eg synest ikkje det var verdig. No synest eg det er på sin plass for ordføraren å beklaga tydeleg. Det er ikkje slik ein responderer - sjølv om ein er skuffa. Å hengja ut ein nabokommune på den måten, synest eg er uheldig, sa Sperrevik. Søviknes sine forsøk på å forklara seg for styringsgruppa omtala Sperrevik som "bortforklaringar".

Stod ved konkursbu-samanlikning

Søviknes sa at han hadde telt til ti før han reagerte, og forklarte kvifor han meinte det var dekning for "konkursbu"-spissformuleringa.

- Men det er dei harde realitetane. Det er Fusa som står svakast av dei tre kommunane. Dei har null fond, og store utfordringar med å halda drifta i balanse. Og dei får dei største utfordringane med omlegginga av innteksystemet. Og ikkje minst måtte me i Os vore med å bera byrda for å få vekk eigedomsskatten. "Konkursbuet" var ei spissformulering, men eg står for det, sa Søviknes.

Han forklarte også kvifor han hadde reagert reint personleg.

- Ein må kunna stola på folk. Det må eg ærleg innrømma er litt krevjande no. Det er noko med å kunna vera open og direkte, og ha samtalar. At ting er avklara. Når ein istaden får formidla ein slik bodskap via media, føler eg meg litt lurt, sa Søviknes. Han la til at ting no må få kjøla seg litt ned, og så fekk ordførarane ta "ei forsoning seg imellom midtfjords" når tida er moden for det.

Ordføraren vart også tatt i forsvar av partifeller, varaordføraren og av Jakob Enerhaug (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg tenkjer det kan vera greitt med litt ærleg kommunikasjon. Ein må kunna setja ord på det som er ugreitt. Det må me vera rause med innanfor rimelege grenser, sjølvsagt. Eg stussa ikkje så veldig over det som har vore sagt i løpet av debatten, sjølv om eg tenkjer at me no ikkje bør la det eskalera vidare, sa Enerhaug.

Gjorde Atle noko ulovleg?

Marie Bruarøy (H) spurde administrasjonen om det Atle Kvåle hadde gjort verkeleg kunne vera lov.

- Eg synest det Atle Kvåle her gjer er eit hån mot demokratiet. Er et greitt at eit enkelt parti i ein kommune eigenhendig trekk ei sak frå kommunestyret? Det må gå an å stilla spørsmålsteikn ved lovmessigheita i det, sa Bruarøy.

Administrasjonen fekk ikkje svart før Helge Steinum tok svarreplikk.

- Det er Fusa som skal ta sine avgjerder og så får me styra vårt, sa Steinum.

- Eg er klar over det, men dette har jo konsekvensar også for det me skal gjera, svarte Bruarøy.

Meiningsmålinga kan bli avlyst

Likevel var alle politikarane einige om at Os kommune må følgja prosessen vidare fram til kommunestyremøtet 18. mai. Dersom det blir nei til å fortsetta prosessen i det møtet, vil det medføra at det heller ikkje blir noko meiningsmåling i Os eller folkemøte 30. mai.