I helga sdiskuterte Terje Søviknes bruprosjektet mellom Os og Fusa med leiar av Kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andrè Njåstad. Han var tydeleg på at den nye tilskotsordninga kan nyttast på ei Fusa-bru. (Privat foto)
I helga sdiskuterte Terje Søviknes bruprosjektet mellom Os og Fusa med leiar av Kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andrè Njåstad. Han var tydeleg på at den nye tilskotsordninga kan nyttast på ei Fusa-bru. (Privat foto)

Søviknes re-lanserer bru mellom Os og Fusa

- Ingenting ville knytt Os og Fusa tettare enn om me fekk bru mellom dei to kommunane, seier Terje Søviknes.

Os-ordføraren ser det ikkje som urealistisk at dei to kommunane, som no vurderer å slå seg saman, også får brusamband mellom seg.

- Eg kan vanskeleg tenkja meg noko meir samlande enn å gå for eit felles prosjekt der våre to kommunar får ferjefri infrastruktur mellom seg, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han og gruppeleiar i Fusa Frp, Magne Djuvik, har drøfta ei ny fylkesvegbru i lys av den nye ferjeavløysingsordninga.

I helga vart prosjektet også teke opp med leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp)

- Helge André er tydeleg på at denne ordninga kan nyttast på ei Fusa-bru.

Det har mange gonger vore diskutert bru mellom Os og Fusa. Sist me skreiv om det var i 2013 då Jarle Vinnes lanserte ideen om ei bru med vindmøller på. Forslaget hans var i samband med E39-alternativ for indre trasé.
Det har mange gonger vore diskutert bru mellom Os og Fusa. Sist me skreiv om det var i 2013 då Jarle Vinnes lanserte ideen om ei bru med vindmøller på. Forslaget hans var i samband med E39-alternativ for indre trasé.

Realistisk prosjekt

At Søviknes kjem med dette forslaget no like før folkemøta om kommunesamanslåing, er heilt sikker ikkje tilfeldig, men Os-ordføraren presiserer at dette ikkje er noko luftslott han berre kastar ut.

- Nei, eg ser på ei bru mellom Os og Fusa som svært realistisk. No er det også slik at dersom kommunane våre slår seg saman, så får me automatisk 5 millionar kroner til eit infrastruktur-prosjekt. Dette er pengar Magne Djuvik og eg meiner me kunne brukt til å foreta ei skikkeleg utgreiing av eit bruprosjekt mellom våre to kommunar, seier Søviknes.

Han vil ikkje gå nærare inn på kvar han tenkjer brua skal gå enno, eller kva type konsetpval han meiner er det mest ideelle.

- Det er jo nett slike ting me ville funne ut av i ei slik utgreiing. Men på generelt grunnlag kan ein jo tenkja at brua ikkje burde vore lagt så langt borte frå dagens vegnett ved Hatvik og Venjaneset, seier Søviknes.

Gode tilskot

- Er dette berre ein sjarmoffensiv no like før folkemøta kring kommunesamanslåing, eller er det andre moment som talar for at ei bru mellom kommunane no er aktuell?

Artikkelen held fram under annonsen.

- I Kommuneøkonomiproposisjonen 2017 har Regjeringa fremja retningsliner til den nye ordninga med ferjeavløysingsmidlar på fylkesvegsamband. Prosjekt som vert godkjende kan få overført det statlege tilskotet til fylkesferjesamband i 40 år, med fråtrekk for berekna driftskostnader som fylkeskommunen som vegeigar vil få med eit nytt brusamband. Per dags dato er det statlege tilskotet til fylkesferjesamband på kring 19 millionar per år, fortel Søviknes.

Om ei bru mellom dei to kommunane skulle bli ein realitet, meiner han det ville vore eit flott tverrsamband til E39.

Som døme på kva tilskot ein kan rekna med, nemner Søviknes Masfjordbrua.

- I Hordaland fylkeskommune vert det allereie arbeidd med eit ferjeavløysingsprosjekt på fylkesveg - Masfjordbrua. Her har ein konkludert med at sambandet vil få netto 628 millionar kroner over ferjeavløysingsordninga. Dette er ein vesentleg eigenkapital til realisering av bruprosjektet, konstaterer Søviknes.

Positiv til utgreiing om bru

Ordførar i Fusa kommune Atle Kvåle er samd med Terje Søviknes i at dei må sjå på høvet for å få ferjeavløysingstilskot til bru mellom Fusa og Os. Han ser derimot ikkje poeng i å dra dette inn i debatten om kommunesamanslåing.

- Det er klart at eg som ordførar i Fusa synest det er interessant å sjå på høvet for å få bygd ei bru mellom kommunen vår og Os. Dette er noko me nærast er forplikta til å sjå nærmare på. Men eg synest ikkje dette er meir eller mindre aktuelt i lys av kommunereforma. Eg er oppteken av at me skal ha eit godt samarbeid i Bjørnefjordregionen uavhengig av samanslåing mellom kommunane eller ikkje, konstaterer Kvåle.

Svar på om Os og Fusa blir slått saman, får Kvåle, Søviknes og me andre truleg etter kommunestyremøtet i dei to kommunane våre onsdag 22. juni.