Jon Sivert Rykkel (V) ser gjerne at skuleleiinga set ned foten for andre enn ungdomsdebattantar.
Jon Sivert Rykkel (V) ser gjerne at skuleleiinga set ned foten for andre enn ungdomsdebattantar.

- Søviknes skremmer bort ungdomen

Jon Sivert Rykkel ber Terje Søviknes halda seg unna skuledebattane i årets valkamp.

Komande måndag er det duka for to skuledebattar på Os gymnas. Der stiller ordførarkandidat Jon Sivert Rykkel for Venstre. Kven som skal stilla frå Frp vert ikkje bestemt før nærmare helga. Men beskjeden frå Rykkel er tindrande klar: Frps ordførarkandidat, Terje Søviknes, bør halda seg heime.

- Eg kjenner til fleire lokallag i Os som ikkje vågar å la ungdomskandidatane sine delta i skuledebattar. Åtferda han viser er ikkje bra, og er vanskeleg for ungdom som skal prøva seg for fyrste gong. Søviknes "drep debatten" . Å la ungdomen debattera mot ein dreven ordførar på godt over 40, som også er rikspolitikar, er som å senda lam til ulvane, seier Rykkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vifta med plakat

Episoden som visstnok har skremt nokre av lokallaga, er skuledebatten på Os gymnas før stortingsvalet i 2013. Der stilte Terje Søviknes som debattant frå Framstegspartiet, medan dei andre partia stilte med kvar sine ungdomskandidatar. Undervegs i debatten rista Søviknes på hovudet medan andre heldt innlegg, og heldt opp ein plakat med teksten "løgn".

- Det er merkeleg at FpU kan stilla med debattantar i resten av fylket, medan Frp i Os stiller med ordførar Terje Søviknes, seier Rykkel og legg til:

- Slik eg ser det, skremmer Søviknes bort ungdomane, seier han.

Det er ikkje fyrste gongen at Terje Søviknes og Jon Sivert Rykkel er usamde.
Det er ikkje fyrste gongen at Terje Søviknes og Jon Sivert Rykkel er usamde.
Terje Søviknes kallar utspelet frå Jon Sivert Rykkel for merkeleg.
Terje Søviknes kallar utspelet frå Jon Sivert Rykkel for merkeleg.

- Rykkel ingen ungdomskandidat

- Dette er eit veldig rart utspel frå Rykkel, kommenterer Terje Søviknes.

- For det fyrste er ikkje Rykkel sjølv for nokon ungdomskandidat å rekna. Han har trass alt site fire år i kommunestyre og formannskap for moderpartiet Venstre, og kan ikkje sjåast på som ein kandidat frå ein ungdomsorganisasjon.

- Stemmer ikkje det, Rykkel, at du kan spela på langt meir erfaring enn mange unge debattantar?

- Eg veit ærleg talt ikkje korleis eg skal kunne spela på at eg er meir erfaren. Ja, eg har vore i kommunestyret i Os i fire år, men det er ingen rikspolitisk arena der du får opplæring i debatteknikk. Eg har ikkje masse triks i ermet, for å seia det slik, seier han.

- Søviknes, kva seier du til påstanden om at andre lokalparti ikkje vågar å la ungdomspolitikarane møta deg?

Artikkelen held fram under annonsen.

- For det fyrste har eg aldri høyrt nokre slike påstandar, verken her i Os eller andre stader i fylket. Eg kan ikkje ta stilling til det før påstanden eventuelt er dokumentert, seier Søviknes.

- For det andre må det vera opp til partia sjølve å velja kven ein vil senda i debatt, seier han.

Heller lokal enn ung

Søviknes seier at noko av årsaka til at han har stilt opp ved lokale skuleval i Os, er for å sikra lokal representasjon. Per i dag har ikkje FpU lokallag i Os.

- Eg meiner det er viktigare at nokon som kjenner prosessane og tilhøva i Os er med, enn at det på død og liv må vera ein ung person.

- Er det ikkje merkeleg at Frps "utstillingsvindauge", manglar eigen ungdomsorganisasjon?

- Vi har prøvd å dra det i gang, utan å lukkast. Men vi manglar heldigvis ikkje ungdomar. Vi har valt å heller integrera dei i moderpartiet, enn å byggja ein eigen organisasjon for dei unge, forklarer Søviknes.

Erfaring vs ungdom

- Men kvifor har de ikkje kumulert nokon av dei slik at dei kunne vera sikra plass i kommunestyret?

- Vi har valt å kumulera folk med erfaring. Så får dei andre slåst om resten av plassane, svarer Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heller ikkje Venstre har nokon aktiv ungdomsorganisasjon i Os. Difor har dei på same måten som Frp, valt å integrera dei unge i moderpariet.

Likevel meiner Rykkel at Venstre har vist ein heilt annan vilje enn Frp, til å satsa på dei unge.

- Sjå berre på mitt eige toppkanditatur og Mari Lund Eides (23) tredjeplass på lista.

Uerfarne

Medan Søviknes meiner lokalkunnskap er viktigare enn alder, peikar Rykkel på at Os Frp kunne ha kombinert desse og sendt nokon av sine yngre folk.

- Kvifor let de ikkje ein av dei to 18-åringane på lista dykkar stilla til skuledebatt?

- Nei, dei er såpass uerfarne at vi ikkje har lyst til å senda dei i debatt, svarer Søviknes.

Fyrst til helga vert det avgjort kven frå FrP som stiller til skuledebatt.

- Eg bit ikkje!

- Om det vert du, Søviknes, som deltek på måndag, vil du la plakatane liggja igjen heime denne gongen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det spørst. Verkemidla ein bruker vekslar jo, men ein skuledebatt er som regel friskare enn andre debattar.

- Men vil du vera snill mot dine motdebattantar i år?

- Snill? Eg bit ikkje, ler han.

- Men for å vera alvorleg, eg opplever ikkje at eg har vore ufin mot nokon. Det er morosamt å delta på desse debattane og det skal vera litt laus snipp. Dei unge debattantane har dessutan ein fordel, nemleg at dei er unge og dermed kommuniserer godt med sine eigne. I så måte treng dei kanskje ikkje frykta meg, seier han.

Ekte engasjement

Rykkel gler seg til måndag og vonar på ein god tone i debatten.

- Ofte vert debattar øydelagde fordi ein berre er ute etter å ta kvarandre. Eg vonar vi får ein god dialog med ekte engasjement.

- Og eg tek det for gitt at dei andre partia stiller med unge debattantar. Dei unge treng å få prøva seg og vist kva dei kan, seier han.