Måndag var Jon Ivar Rostan og hans team i gang med å festa søylene til dei komande baldakinane på Osøyro.
Måndag var Jon Ivar Rostan og hans team i gang med å festa søylene til dei komande baldakinane på Osøyro.

Søylejobben i gang

Måndag vart det første av totalt 39 søylefeste ferdigstøypt i Bydraget.

Det er Anleggsgartnermester Svein Boasson AS som har fått ansvaret for å festa søylene til dei komande baldakinane i bakken. Firmaet stod også for legginga av granittsteinen i fjor sommar og haust.

- No går det slag i slag. Innan 15. februar skal me ha støypt 15 søylefeste frå hjørnet her med Nordisk Rom og opp til Torgbygget. Når den jobben er unnagjort, får Johs Sælen & Sønn høve til å starta på sin del av jobben, som er å ferdigstilla baldakinane på dette første stykket, forklarer formann for arbeidsteamet til Boasson AS, Jon Ivar Rostan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ferdig til påske

Når Johs Sælen og Sønn kjem i gang med sin del av jobben, startar Rostan og kollegaane på jobben med å føra opp dei resterande 24 søyelefesta vidare mot det gamle bankbygget og tilbake igjen nedover Bydraget på Drageset- og kommunehus-sida av vegen.

- Me skal stå bra på framover. Kommunen ønskjer at me skal vera ferdige i god tid før påske. Me håpar sjølvsagt å lukkast med det, seier Rostan i Boasson AS.